Skip to main content
Last opp CV-en din - Søk på jobber raskt og enkelt

Sandnes DPS Poliklinikk, Helse Stavanger HF jobber

Sorter etter: -

Andre har søkt etter:

sykepleier

Job Post Details

Overlege/lege i TSB-poliklinikk - job post

Stord DPS/BUP
4.5 av 5 stjerner
Stord
Fast, Heltid
Opprett en Indeed-konto før du fortsetter til firmaets nettsted.

Jobbdetaljer

Jobbtype

  • Fast
  • Heltid

Sted

Stord

Full stillingsbeskrivelse

Stord DPS/BUP

Tysevegen 64, 5416 Stord

Om jobben
Lagre favoritt
Stillingstittel
Overlege/lege
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk senest søndag 16. august

Vil du arbeide med brei klinisk problematikk i eit stabilt og engasjert fagmiljø?

Stord DPS er eit av tre DPS i klinikk for psykisk helsevern, Helse Fonna HF. Opptaksområdet for DPS dekkjer dei fire kommunane Stord, Fitjar, Bømlo, og Tysnes. Allmennpoliklinikken er organisert under felles leiing saman med døgnpost for vaksne, TSB, FACT og allmennpoliklinikk for barn og unge (BUP). Vi har eit godt og stabilt fagmiljø, med lokalt forankra helsepersonell, inkludert lege- og psykologspesialistar.

Hos oss blir du ein del av TSB-teamet der vi gir tverrfagleg spesialisert rusbehandling. Du blir samtidig ein del av legeteamet, inngår i vaktordninga for legane og får arbeide på tvers av døgnpost og poliklinikk.

Stord DPS har over tid hatt eit sterkt fokus på utvikling av behandlingstilbodet. Vi har etablert eit lokalt kvalitetsregister som del av arbeidet med kvalitetsforbetring og klinikknær forsking. Vi har òg implementert fleire spesialiserte gruppetilbod, mellom anna 4-dagars angstbehandling og OCD-team på tvers av klinikken.

Kva går jobben ut på?

Arbeidsoppgåvene vil mellom anna vere:
utgreiing, diagnostikk og behandling av pasientar innan TSB
medisinskfagleg vurdering og oppfølging
samarbeid med pasientar, pårørande, fastlegar, kommunale tenester og andre delar av spesialisthelsetenesta
deltaking i tverrfaglege behandlingsmøte og teamarbeid
rettleiing og undervisning internt og eksternt
bidra i fagutvikling, kvalitetsarbeid og vidareutvikling av tenestene
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
Norsk autorisasjon som lege.
Det er ein fordel om du har spesialistgodkjenning i rus- og avhengigheitsmedisin og/eller psykiatri, men legar utan spesialistgodkjenning kan òg søkje.
Relevant erfaring frå arbeid med rus, avhengigheit og psykisk helse vil være ein fordel.
Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg

Det kan også vere aktuelt med søkjarar som er i spesialiseringsløp, dersom bakgrunn og erfaring er relevant for stillinga.

Kva ser vi etter hos deg?

Hos oss er det viktig at du:
har engasjement for fagfeltet og for pasientar med rus- og avhengigheitsutfordringar
møter pasientar og samarbeidspartnarar med respekt, tryggleik og fagleg tyngd
bidreg aktivt i tverrfagleg samarbeid
formidlar kunnskap på ein klar og engasjerande måte
arbeider strukturert og tek sjølvstendige avgjerder
trivst med både klinisk arbeid, fagutvikling og rettleiing

Personlege eigenskapar blir vektlagde.

Kvifor skal du velje oss?

Hos oss får du:
Eit sterkt tverrfagleg fagmiljø med engasjerte kollegaer.
Varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver.
Moglegheit til å bidra i utviklinga av TSB-tenestene våre.
Gode moglegheiter for kurs og fagleg utvikling.
Ein arbeidsplass med godt arbeidsmiljø og høg fagleg aktivitet
Medlemskap i ei inkluderande arbeidslivsverksemd.

Vi oppmodar alle søkjarar til å bruke Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, må du leggje ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon
Katrine Holgersen, Avdelingsleiar, katrine.holgersen@helse-fonna.no
Ranveig Shevanti Hjelland, Funksjonsleiar, +47 53490836/99201891, ranveig.shevanti.hjelland@helse-fonna.no

Arbeidsstad
Tysevegen 64
5416 Stord

Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

Referansenr.: 5153841246
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 16.08.2026

Kontaktpersoner for stillingen

Ranveig Shevanti Hjelland

Funksjonsleiar

+47 53490836/99201891

ranveig.shevanti.hjelland@helse-fonna.no

Katrine Holgersen

Avdelingsleiar

katrine.holgersen@helse-fonna.no

Om bedriften

Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.

Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Stillingsnummer

08a6f722-9fb2-476a-a97f-16ea9673abf3

Sist endret

7. juli 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

39a7319bb0ba4ca78297083ef2ceb5ad
La arbeidsgivere finne degLast opp CV-en din