Fortsett videre til hovedinnhold
Last opp CV-en din - Søk på jobber raskt og enkelt

veterinær jobber i Stranda

Sorter etter: -
1 jobb

Job Post Details

Veterinær til kombinert praksis i Stranda og Sykkylven veterinærdistrikt

Stranda kommune
Stranda
Opprett en Indeed-konto før du fortsetter til firmaets nettsted.

Jobbdetaljer

Jobbtype

  • Heltid

Sted

Stranda

Full stillingsbeskrivelse

Næring - kommunalteknikk, Stranda kommune



Om stillinga

Har du lyst å jobbe i kombipraksis i hjarte av Sunnmørsalpane?

Vi søkjer ein engasjert veterinær til kombinertpraksis i Stranda og Sykkylven veterinærdistrikt med deltaking i veterinærvaktordninga.


Oppstart

Så raskt som mogleg eller etter avtale.


Veterinærdisktriktet består av Stranda og Sykkylven kommunar, med maks 1 ½ times køyring mellom ytterpunkta. I Sykkylven inngår inseminering i praksisen, men ikkje i Stranda. Kommuane har eit aktivt landbruksmiljø med om lag ca. 149 landbruksføretak, av desse 69 i Sykkylven. Produksjonsdyrpraksisen omfattar i hovudsak mjølkekyr og kjøtfe, samt sau, geit og gris. Det er også ein del hest i distriktet.

Stranda ligg sentralt i hjarte av Sunnmørsalpane. Vi har fantastiske turterreng for allsidig friluftsliv alle årstider, og eit variert og rikt kulturliv. Kommunen har bl.a. det største skisenteret på Nordvestlandet

Aktuelle søkjarar kan/vil bli innkalla til intervju. Vitnemål og attestar skal leggast ved søknaden.


Nøkkelinformasjon
Søknadsfrist:

23.02.2025

Stillingstittel:

Veterinær til kombinert praksis i Stranda og Sykkylven veterinærdistrikt

Stillingar:

1

Tilsetjingsform:

Engasjement

Webcruiter-ID:

4873440652

Del på X


Del på Facebook

Arbeidsoppgåver

  • Dagpraksis i Stranda og Sykkylven kommunar og deltaking i klinisk veterinærvakt i distriktet.

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som veterinær
  • Godkjent seminkurs. Ved manglande kurs kan dekking av utgifter til seminkurs diskuterast.
  • Førarkort kl. B.
  • Eige føretak som sjølvstendig næringsdrivande med mulegheit for å leige seg inn i eksisterande klinikk i Sykkylven.
  • Det er ønskjeleg med tilgang på eigen praksisbil og -utstyr. Ved mangel på bil og utstyr kan tilrettelegging av dette diskuterast.
  • Nyutdanna vert oppfordra til å søkje

Personlege eigenskapar

  • Gode samarbeidsevner og serviceinnstilling vert sterkt vektlagt.
  • Du må kunne jobbe sjølvstendig som veterinær.
  • Du må ha god framstillingsevne i norsk, munnleg og skriftleg.

Vi tilbyr

  • Samarbeid i kombinertpraksis i Stranda og Sykkylven veterinærdistrikt.

    Det jobbar i dag ein veterinær i distriktet og behovet for fleire veterinærar er stort. Kommunane har eit aktivt landbruksmiljø med hyggjelege og engasjerte bønder. Distriktet er overkommeleg med maks 1,5 timar køyring mellom ytterpunkta, også på vakt. Ingen ferjer i distriktet.


    • Kommunalt driftstilskot.
    Stranda kommune yter eit driftstilskot på om lag 260 000 kr/år. Beløpet vert indeksregulert kvart andre år, og storleiken på tilskotet kan diskuterast.
    • Produksjonsdyrpraksis på dagtid i Sykkylven og Stranda kommune med hovudsakleg storfe inkl. semin, sau, geit og hest.
    Sesongarbeid med lamming på våren og konsentrert kalving på hausten. Potensialet innan hest er relativt stort.
    • Klinikkarbeid smådyr
    Veterinæren vi har eit engasjement med i dag har ein liten, godt utstyrt smådyrklinikk i Sykkylven som har røntgen, ultralyd, lab inkl. Idexxmaskinar, tann-unit m.m. Klinikken planlegg nye investeringar i nærmaste framtid for å betre tilbodet ytterlegare. Marknads- og utviklingspotensialet for klinikken er stort. I klinikken inngår også ein butikk med sal av fôr og div. utstyr og pleieartiklar. Ved klinikken jobbar 1-2 assistentar.
    • Fleksibel arbeidskvardag der arbeidsoppgåver og andelen av produksjonsdyr-/smådyrpraksis kan tilpassast etter interesser og kompetanse.
    Opplæring vil bli gitt etter ønske og behov.
    • Engasjementet tilsvarar ein stillingsprosent på 70-100% dagtid. Deltaking i vakta kjem i tillegg.
    Organiseringa av arbeidet kan tilpassast. Turnusarbeid kan vere aktuelt. Avtalar med gjeldande vilkår vil bli lagt fram for søkjar i samband med intervju.
    • Kontakt til smådyrklinikken i Sykkyven
    Meir informasjon om smådyrklinikken i Sykkylven får du hos: Veterinær Hanna Elise Fredriksen. E: dindyrlegehanna@gmail.com. M: 922 43 721.



Adresse:
Øyna 13, 6200 Stranda, Norge


Kontaktinformasjon

Inge Bjørdal
Næringssjef
Telefon:
46411023
E-post:
inge.bjordal@stranda.kommune.no
Mandy Hager
Landbrukssjef
Telefon:
90994108
E-post:
mandy.hager@sykkylven.kommune.no

Om arbeidsgivaren

Stranda kommune med bygdene Stranda (kommunesenter), Hellesylt, Geiranger og Liabygda ligg på indre Sunnmøre, ca. 1 times reisetid frå Ålesund. Kommunen har ca. 4.400 innbyggjarar, eit variert næringsliv med høg sysselsetting, godt utbygd barnehage- og skuletilbod inkl. 2 vidaregåande skular, eit aktivt idretts- og foreiningsliv og gode vilkår for friluftsliv sommar og vinter. Vi har det største skisenteret på Nordvestlandet, regionalt kulturhus og treningssenter.

Til å vere stolt av er kommunen sin visjon. Verdiar som omsorg, openheit, samhandling og engasjement skal danne grunnlaget for vår organisasjonskultur.

La arbeidsgivere finne degLast opp CV-en din