under 18 År jobber i Åndalsnes
Vis lignende jobber hos denne arbeidsgiverenHelse Møre og RomsdalMoldePostedPublisert for 11 dager siden·- Endeleg har du moglegheit til å bli ein av våre nattevakter; vi har ledig 75% fast, for tida på natt.
- Relevant vidareutdanning kan bli prioritert.
- Se alle jobber hos Jobb: Helse Møre og Romsdal – Molde – Jobb: Sjukepleiar/ Spesialsjukepleiar - Molde
- Lønnssøk: Sjukepleiar/Spesialsjukepleiar lønninger
Job Post Details
Sjukepleiar/Spesialsjukepleiar - job post
Jobbdetaljer
Slik stemmer jobbdetaljene overens med profilen din.Jobbtype
- Fast
- Deltid
Sted
Full stillingsbeskrivelse
Trivst du med å jobbe når andre søv? Likar du fart, spenning og å bli utfordra?
Endeleg har du moglegheit til å bli ein av våre nattevakter; vi har ledig 75% fast, for tida på natt.
Som sjukepleiar hos oss, vil du få oppleve eit spennande, givande og variert arbeid. Du jobbar pasientretta, sjølvstendig og i team, du er positiv og fleksibel.
Ved interne omrokkeringar, kan andre stillingar bli ledige.
Nevrologisk sengepost har 18 senger; generell nevrologi og slag. Her kjem pasientane inn både elektivt og som ø-hjelp. I avdelinga har vi også dagpost, poliklinikk og nevrofysiologisk lab.
I mai 2025 flyttar vi inn i nytt akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal, då vil avdelinga også innehalde geriatri og ortogeriatri. Vi går eit spennande år i møte der vi skal bygge fag og lag; håpar du som brenn for nevro og/eller geripasienten søkjer på denne moglegheita. Har du faglege ambisjonar og vil vere med å vidareutvikle fagområda våre, kan det også bli moglegheit for kurs og vidareutdanning innanfor våre fagområde.
Ber om at attestar og dokumentasjon på utdanning blir skanna og lasta opp som vedlegg til søknaden.
Startdato kan avtalast.
11.09.2024
Helse Møre og Romsdal HF
Molde
Sjukepleiar/Spesialsjukepleiar
1
Deltid
Fast
75
4851892513
Arbeidsoppgåver
- Sjukepleie til pasientar på sengepost
- Legemiddelhåndtering
- Stell og pleie
- Tverrfagleg samarbeid
- Gjere seg kjent med, og halde seg oppdatert på sengeposten sine gjeldande prosedyrer og retningslinjer
- Veiledning av sjukepleiestudentar
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Relevant vidareutdanning kan bli prioritert
- Må beherske norsk skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Du må ønskje å jobbe med den nevrologiske pasienten
- Ha gode samarbeidsevner; jobbe i team, men også sjølvstendig
- Vere positivt innstilt, ta initiativ
- Vere ansvarsfull, påliteleg, fleksibel, løysingsorientert
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø
Personlege eigenskapar blir vektlagt ved tilsetjing
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Molde er rosens, jazzens og kulturens by, og ikkje minst eit eldorado for fjellturer, alpint, klatring, golf, seiling og padling. Byen er barnevennleg med nærleik til skule, barnehage og fritidstilbod. Vi har fleire daglege flyavgangar til Oslo og internasjonale ruter. Molde by fornyar seg med m.a. ny sjøfront og fleire spennande kaféer og spisestader. Les meir om Molde og Romsdalen her.
Kontaktinformasjon
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal