Skip to main content
Last opp CV-en din - Søk på jobber raskt og enkelt

radiograf jobber i Møre og Romsdal

Sorter etter: -
3 jobber

Job Post Details

Radiograf - job post

Helse Møre og Romsdal
Volda
Vikariat
Opprett en Indeed-konto før du fortsetter til firmaets nettsted.

Jobbdetaljer

Jobbtype

  • Vikariat

Skift og arbeidstid

  • Helg

Sted

Volda

Full stillingsbeskrivelse

(i ny fane)


Om stillinga

Radiologisk avdeling ved Volda sjukehus har ledig eitt vikariat som radiograf i 6 månader, med oppstart frå 1. august 2025 og moglegheit for forlenging.

Vi ønskjer å kome i kontakt med engasjerte radiografar som trivst med å jobbe sjølvstendig, men som også set pris på godt samarbeid i team.

Radiologisk avdeling i Volda er utstyrt med CT, MR, tre skjelettrøntgen-laboratorium, ultralyd og osteodensitometri. Vi har ei stabil personalgruppe og eit livleg arbeidsmiljø. Per i dag har seksjonen 16 radiografstillingar, der 14 inngår i ei roterande tredelt turnusordning. Vi treng i hovudsak radiografar som kan inngå i turnus, men vi høyrer gjerne frå kandidatar som, av ulike årsaker og for ein periode, ønskjer å arbeide på dagtid.

Volda sjukehus har traumefunksjon, og det skjer ei stor utvikling ved sjukehuset med utviding og modernisering. Vi har nyleg fått ny MR-maskin og nytt konvensjonelt røntgenlaboratorium, og ny CT-maskin er planlagt installert i januar 2026.


Om Volda:

Midt mellom fjord og fjell finn du Volda – eit fantastisk utgangspunkt for naturopplevingar i Sunnmørsalpane. Her finn du alt frå enkle turstiar til spektakulære toppturar. Regionen har eit rikt kultur- og idrettstilbod, samt eit aktivt høgskulemiljø. Det er gode kommunikasjonar, med flysamband til Bergen og Oslo frå Ørsta/Volda lufthamn.
Sjå meir om Volda her og her.

I tillegg vil kommunane Herøy, Sande, Vanylven og Stryn – som ligg innanfor pendlaravstand til Volda sjukehus – omfattast av ei ny ordning for sletting av utdanningsgjeld.
Les meir: Ny ordning for sletting av utdanningsgjeld – slik vil det fungere (regjeringen.no)


Vi ber om at vitnemål, attestar og tenestebevis blir lasta opp som vedlegg til CV og søknad. Aktuelle kandidatar blir intervjua fortløpande.


Nøkkelinformasjon
Søknadsfrist:

26.05.2025

Arbeidsgivar:

Helse Møre og Romsdal HF

Stad:

Volda

Stillingstittel:

Radiograf

Stillingar:

1

Heiltid / Deltid:

Heiltid

Tilsetjingsform:

Vikariat

Stillingsprosent:

100

Webcruiter-ID:

4967873443

Startdato:

01.08.2025


Arbeidsoppgåver

  • Delta i avdelinga sin turnus, med vakt kvar fjerde helg
  • Utføre radiograffagleg arbeid i tråd med gjeldande prosedyrar
  • Arbeide på alle laboratoria (CT, MR, konvensjonell røntgen med og utan gjennomlysing, ultralyd og osteodensitometri)
  • Medverke til forsvarleg og effektiv pasientbehandling, og samtidig ivareta pasientane sitt behov for omsorg og pleie
  • Samarbeide internt for å oppretthalde eit godt fagleg og sosialt miljø

Kvalifikasjonar

  • Autorisasjon som radiograf med norsk godkjenning
  • Erfaring frå CT, MR og generell radiografi er ønskjeleg, men ikkje eit krav
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk

Personlege eigenskapar

  • Du er sjølvstendig, fokusert og ansvarsbevisst
  • Du har lett for å tileigne deg ny kunnskap
  • Du er positiv, med gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Du er fagleg engasjert og bidreg til eit godt arbeidsmiljø
  • Du er initiativrik, løysingsorientert og fleksibel

Personlege eigenskapar og samarbeidsevne vil bli tillagt vekt

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår



Adresse:
Volda Hospital, Kløvertunvegen 1, 6103 Volda, Norge
(i ny fane)

Kontaktinformasjon

Lisbeth Skipenes Andersen
E-post:
lisbeth.andersen@helse-mr.no

Om arbeidsgivaren

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.

Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal

La arbeidsgivere finne degLast opp CV-en din