Fortsett videre til hovedinnhold
Last opp CV-en din - Søk på jobber raskt og enkelt

psykologspesialist psykolog jobber i Bergen

Sorter etter: -
7 jobber

Job Post Details

Psykologspesialist/psykolog - job post

Haukeland Universitetssjukehus
3.9 out of 5
Bergen
Fast
Opprett en Indeed-konto før du fortsetter til firmaets nettsted.

Jobbdetaljer

Slik stemmer jobbdetaljene overens med profilen din.

Jobbtype

  • Fast

Sted

Bergen

Full stillingsbeskrivelse

Om stillinga

Ved BUP Nordhordland er det ledig fast stilling for psykologspesialist/psykolog. Det blir søkt etter spesialist i klinisk psykologi for barn og unge, men psykologar kan også søke.

BUP Nordhordland held til i Knarvik og gjev tilbod til barn og unge med psykiske lidingar opp til 18 år, samt foreldra deira. Det er i overkant av 8500 barn i opptaksområdet, som består av kommunane Alver, Austrheim, Masfjorden, Fedje, Gulen og Modalen. I tillegg til utredning og individuell terapi legg vi vekt på gruppebehandling og psykoedukasjon til både barn og foreldra deira. Vi ligg naturskjønt til, og ein del av behandlinga kan også vere arenafleksibel.

Vi er ein poliklinikk med 21 gode kollegaer i eit tverrfagleg godt fellesskap. Vi arbeider etter kunnskapsbaserte metodar og har eit tett samarbeid med førstelinetenesta og andre relevante etatar. Vi held til i nye flotte lokale i Region Nordhordland Helsehus, og er samlokalisert med mellom andre Knarvik Allmennpsykiatriske poliklinikk, fleire andre seksjonar frå Helse Bergen og mange kommunale instansar. I det seks etasjar høge huset ligg alt til rette for mykje godt tverrfagleg og tverretatleg samarbeid.

Vi ligg plassert ca 30 minuttar frå Bergen sentrum, og det går ekspressbuss 4 gonger i timen i rushtida. Det går og snøggbåt frå Strandkaien som tar deg like til oss på Knarvik. Det er ein flott tur og ein god start på dagen.

Kven treng vi? Vi ser etter deg som er fagleg trygg og samstundes audmjuk og lærevillig. Og ikkje minst ser vi vi etter deg som klarar å skape ein god terapeutisk relasjon med barn, unge og foreldra deira i vanskelege periodar i liva deira.

For stillinga er det krav om dokumentert autorisasjon og særs god meistring av norsk skriftleg og munnleg. Vedkommande som får tilbod om tilsetting må legge fram tilfredsstillande politiattest (vandel), jfr Lov om helsepersonell § 20a (gjeld arbeid med barn og utviklingshemma).

Stillinga er ledig frå 02.09.24 eller etter nærare avtale.

Nøkkelinformasjon
Søknadsfrist:

26.06.2024

Arbeidsgivar:

Helse Bergen

Stad:

Isdalstø

Stillingstittel:

Psykologspesialist/psykolog

Stillingar:

1

Heiltid / Deltid:

Heiltid

Tilsetjingsform:

Fast

Stillingsprosent:

100

Webcruiter-ID:

4828498688

Del på X


Del på Facebook

Arbeidsoppgåver

  • Utgreiing og behandling av barn og unge
  • Individuelt tilpassa behandling (individuell behandling, foreldrerettleiing, gruppebehandling)
  • Råd (konsultasjon) og rettleiing til skular, helsesjukepleiar, barnerverntenester og barnehagar
  • Samarbeid med kommunehelsetenesta og andre delar av spesialisthelsetenesta
  • Det blir forventa at spesialistar gir rettleiing til psykologar under spesialisering

Kvalifikasjonar

  • Godkjend autorisasjon som psykolog i Noreg
  • God erfaring med utgreiing og behandling av psykiske lidingar hjå barn og unge
  • Det vil bli lagt vekt på erfaring og kompetanse som er i samsvar med poliklinikkens strategi og kompetanseplan
  • Erfaring med evidensbaserte behandlingsmetodar og foreldrerettleiing
  • Erfaring med tverrfagleg og tverretatleg samarbeid

Personlege eigenskapar

  • Erfaring frå og eit ønske om å jobbe i eit tverrfagleg team
  • Evne til å jobbe fleksibelt, sjølvstendig og strukturert
  • Erfaring frå førstelineteneste er ein fordel ettersom stillinga krev høg grad av samarbeid med kommunale instansar
  • Evne til å samarbeide om å nå seksjonens overordna målsetjingar
  • Opptatt av og bidra til eit positivt arbeidsmiljø
  • Gode kommunikasjonseevner
  • Må trivast i eit aktivt og travelt miljø, og ha god arbeidskapasitet
  • Du er ein triveleg og god kollega som bidrar til takhøgde og raushet
  • Du er fagleg trygg og samstundes audmjuk og lærevillig
  • Du er profesjonell i din framferd og bevisst ansvaret som ligg til rolla
  • Ved tilsetting blir det lagt stor vekt på personlege eigenskapar

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Rekrutteringstillegg
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Høgt fagleg nivå og meiningsfulle arbeidsoppgåver
  • Fagleg og personleg utvikling


Mangfaldserklæring
Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.




Adresse:
Kvassnesvegen 40, 5914 Isdalstø, Norge
(i ny fane)

Kontaktinformasjon

Monica Sture
Seksjonsleiar
Telefon:
56343300
Telefon:
99027253
E-post:
monica.sture@helse-bergen.no

Om arbeidsgivaren

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

La arbeidsgivere finne degLast opp CV-en din