portør jobber i Møre og Romsdal
Vis lignende jobber hos denne arbeidsgiverenHelse Møre og RomsdalMøre og Romsdal(i ny fane) Om stillinga Flyttegruppe søkjer to nye medarbeidarar! I samband med flytting av sjukehusa treng vi to personar til å hjelpe med transport og…·- Se alle jobber hos Jobb: Helse Møre og Romsdal – Møre og Romsdal – Jobb: Portør - Møre og Romsdal
- Lønnssøk: Logistikkmedarbeider / Sjåfør / Portør lønninger
Job Post Details
Logistikkmedarbeider / Sjåfør / Portør
Jobbdetaljer
Slik stemmer jobbdetaljene overens med profilen din.Jobbtype
- Deltid
Sted
Full stillingsbeskrivelse
Flyttegruppe søkjer to nye medarbeidarar!
I samband med flytting av sjukehusa treng vi to personar til å hjelpe med transport og logistikk. Arbeidet vil hovudsakleg dreie seg om å handtere og transportere resterande møblar og utstyr som skal lagrast for gjenbruk eller sal. Oppdraga vil variere, med hovudfokus på flyttelasset frå Kristiansund og Molde, og nokon oppdrag frå Aure i nord til Volda i sør.
Vi ser etter kandidatar som kan jobbe både sjølvstendig og i team. Du vil bidra til å flytte innhald og utstyr frå sjukehusa, samt dokumentere dette i eit katalogiseringssystem. Oppgåvene vil inkludere både innlagring og plukking med truck.
I desse stillingane vil det vere behov for at den eine har C1 førarkort og truckførarbevis T1 til T5, så presiser gjerne i søknaden om dette er noko du har eller ikkje. Du vil få opplæring av flyttegruppa du skal jobbe saman med, og oppfølging etter behov.
Er du klar til å ta del i ei spennande tid med store endringar? Vi treng ekstra hender til å sikre ein smidig flytteprosess. Søknader vert vurderte fortløpande, så ikkje vent med å sende inn!
Snarast
Helse Møre og Romsdal HF
Logistikkmedarbeider / Sjåfør / Portør
2
Heiltid
Engasjement
100
4910024921
27.01.2025
27.06.2025
Arbeidsoppgåver
- Arbeide i team under flyttegruppa
- Dokumentere utstyr og møblar som flyttast
- Transportoppdrag
- Innlagring og plukking med truck
- Ved ledige dagar bistå seksjonen for interntransport og forsyning
Kvalifikasjonar
- Ønskjeleg med førarkort klasse C1 og truckførarbevis T1 til T5, men ikkje eit krav for alle stillingane
- Grunnleggande datakunnskap for katalogisering av varene/møblane
- OK fysisk form, då det kan vere tunge løft
Personlege eigenskapar
- Positiv haldning og pågangsmot
- Evne til å samarbeide godt i eit team
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Kontaktinformasjon
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal