Fortsett videre til hovedinnhold
Last opp CV-en din - Søk på jobber raskt og enkelt

poliklinikk jobber i Stord kommune

Sorter etter: -
4 jobber
Vi har fjernet 1 stillingsannonse som ligner de som allerede er vist. For å se de ytterligere resultatene kan du gjenta søket med de utelatte stillingsannonsene inkludert.

Job Post Details

Jordmor 70% fast stilling - job post

Helse Fonna
4.0 out of 5
Stord kommune
Fast, Deltid
Opprett en Indeed-konto før du fortsetter til firmaets nettsted.

Jobbdetaljer

Slik stemmer jobbdetaljene overens med profilen din.

Jobbtype

  • Fast
  • Deltid

Skift og arbeidstid

  • Helg

Sted

Stord kommune

Full stillingsbeskrivelse

Om stillinga

Seksjonen er ei kombinert føde/barsel/gyn avdeling/poliklinikk og har ca 430 lågrisikofødslar i året og 5 gynekologiske senger. Som jordmor hos oss får du ein variert arbeidskvardag, i ei til tider travel, men triveleg avdeling. Søkjar må være sjukepleiar i bunn. Stillinga er tredelt og inkludert helg. Andre stillingsstorleikar kan bli ledige. Skriv i søknaden om dette er av interesse.


Nøkkelinformasjon

Søknadsfrist:
11.08.2024
Arbeidsgivar:
Helse Fonna HF
Stad:
Stord
Stillingstittel:
Jordmor
Stillingar:
1
Heiltid / Deltid:
Deltid
Tilsetjingsform:
Fast
Stillingsprosent:
70
Webcruiter-ID:
4772956469
Startdato:
27.05.2024
Del på X
Del på Facebook

Arbeidsoppgåver

  • Vi selekterer i forhold til normal- og risikofødslar i avdelinga. Som jordmor får du hovudansvar for normale fødslar.
  • Sjukepleie og omsorg til gynekologiske pasientar er også del av oppgåvene.
  • Tverrfagleg samarbeid er viktig for god kvalitet på vårt arbeid.
  • Studentrettleiing er også ei naturleg oppgåve i avdelinga, då vi har studentar av fleire kategoriar store delar av året.

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som jordmor
  • Relevant sjukehuserfaring
  • Gode norskkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Søkarar som har andre morsmål enn norsk, svensk eller dansk, og som ikkje har fullført norskspråklig vidaregåande skule, må minimum ha bestått Bergenstesten, eller annan norsktest på B2 nivå. Dokumentasjon må vedleggast søknaden. Ved tilsetjing av allereie fast tilsett i føretaket kan ein unntaksvis, i særlege tilfelle, fråvika kravet om bestått norsktest på B2-nivå

Personlege eigenskapar

  • Strukturert
  • Pasientorientert
  • Sjølvstendig
  • Gode kommunikasjonsevner
  • Ha respekt for den enkelte pasient
  • Trivst med å jobbe i eit tverrfagleg team

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
  • Høgt fagleg nivå
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidslivs-bedrift (IA-bedrift)
  • Fagleg og personleg utvikling


Mangfaldserklæring

Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.




Adresse: Tysevegen 62, 5416 Stord, Norge



Kontaktinformasjon

Isabel Solvang
Avdelingsleiar
Telefon: 47826086
E-post: isabel.solvang@helse-fonna.no

Om arbeidsgivaren

Helse Fonna har rundt 4000 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.

Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar.

For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no.

La arbeidsgivere finne degLast opp CV-en din