poliklinikk jobber i Kristiansund
- Helse Møre og RomsdalKristiansundPostedPublisert for mer enn 30 dager siden·
- Vi har no ledig faste stillingar og vikariat.
- Vi *inførte Helseplatformen april 2024.
- Autorisert sjukepleiar med erfaring og ønskje om vidareutdanning i…
- Se alle jobber hos Jobb: Helse Møre og Romsdal – Kristiansund – Jobb: Intensivsjukepleiar/ Sjukepleiar - Kristiansund
- Lønnssøk: Intensivsjukepleiar/ sjukepleiar lønninger
- Helse Møre og RomsdalMøre og RomsdalPostedPublisert for mer enn 30 dager siden·
- Vi har fleire daglege flyavgangar til Oslo og internasjonale ruter.
- Personleg eignaheit vert vektlagt ved tilsetting.
- Vis alle stillinger - Jobb: Helse Møre og Romsdal - Jobber i Møre og Romsdal
- Lønnssøk: Gynekolog lønninger
Job Post Details
Intensivsjukepleiar/ sjukepleiar - job post
Jobbdetaljer
Slik stemmer jobbdetaljene overens med profilen din.Jobbtype
- Fast
- Vikariat
Skift og arbeidstid
- Helg
Sted
Full stillingsbeskrivelse
Velkommen som søkjar til Intensivseksjonen i Kristiansund. Vi treng dyktige intensivsjukepleiarar i faste stillingar. Anestesisjukepleiarar og sjukepleiarar som planlegg å ta vidareutdanning i intensivsjukepleie er også velkomne til å søkja om mellombels tilsetjing.
Vi har no ledig faste stillingar og vikariat. Kan du tenkje deg å komma til vakre Møre og Romsdal med flott natur, så er du velkommen til å søkjje. Kristiansund sjukehus og Molde sjukehus vil bli slått saman til eitt nytt fellessjukehus, sjukehuset Nordmøre og Romsdal(SNR) med planlagd innflytting mai 2025. Det nye akuttsjukehuset blir plassert på Hjelset i Molde kommune. Når sjukehuset står ferdig, blir det den nye arbeidsplassen DIN. Her hos oss vil du bli inkludert i eit godt og variert arbeidsmiljø. Vi er ein blanda intensiv seksjon med medisinske og kirurgiske pasientar, og dessutan postoperativ overvaking. Vi driv *BiPAP, CPAP og respiratorbehandling Vi har no *ServoI men går over til å bruka Hamilton etter sommaren. Vi har nytt og moderne overvakingsutstyr, nyoppussa akuttrom. Vi *inførte Helseplatformen april 2024.Seksjonen disponerer i alt 13 sengeplassar og har 32 stillingar for intensivsjukepleiarar. Vi har eit godt tverrfagleg miljø med overlegar i anestesi, LIS-legar i anestesi, vi har også eitt tett samarbeid med legar frå medisin, ortopedisk, kirurgisk, barn og gynekologisk avdeling. Hos oss er vi opptekne av systematisk og fagleg utvikling. Dette får du gjennom definert opplæringsplan, teoretisk undervisning, fagdagar og tverrfagleg *insitusimulering. Vi har stort fagleg engasjement, og fagdagar inkludert i turnusen. Vi har tilrettelagt turnus som fortida er tredelt med arbeid kvar 3 helg. Vi har også ledig vikariat for tiden 80 % turnus Natt.
Byen vår! Kristiansund er perla på Nordmøre med naturskjønn plassering ut mot havet. Den hyggjelege småbyen har eit intimt bysentrum og byr på eit variert utval kaféar og spisestadar. Byen si plassering byr på eit unikt friluftsliv. Havet tilbyr båtliv, seglsport og fiske, og dei næraste fjella gir flotte mogelegheiter for fotturar, klatringog skikøyring. Kristiansund har eit rikt kulturtilbod med Noregs største distriktsopera, fleire musikkfestivalar,fotofestival og eit nytt kulturbygg kor det vert arrangert konsertar og andre kulturarrangement.Kristiansund har òg bynær flyplass med fleire daglege avgangar til Oslo og Bergen med mogelegheit for vidare flybytte.
Er dette noko for deg er DU velkomen til å søkje på stillinga. Ta gjerne kontakt for ein prat! For informasjon om Molde og Kristiansund - sjå her!
20.10.2024
Helse Møre og Romsdal HF
Kristiansund
Intensivsjukepleiar/ sjukepleiar
Fast, Vikariat
100, 80
4826865286
Arbeidsoppgåver
- Utøve sjukepleie til pasientar med akutt og komplekse sjukdomsbilete
- Bruk av avansert medisinsk teknisk utstyr i behandlinga
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Spesialsjukepleiar med intensivutdanning ev anestesisjukepleiar med erfaring frå intensiv
- Autorisert sjukepleiar med erfaring og ønskje om vidareutdanning i intensivsjukepleie kan også søkje midlertidig stilling.
- Må beherske norsk skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Du er fleksibel og positiv
- Du trivast i eit arbeidsmiljø med høgt tempo
- Du har vilje til å bidra til å styrke eigen og andre sin kompetanse
- Du er endringsorientert og ønskjer å vere med på å utvikle seksjonen vidare
Personleg eignaheit og ønskje om vidareutdanning i intensivsjukepleie vil verte vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Kompetansebygging
- Utfordrande og engasjert fagmiljø
- Rikt og engasjert kulturmiljø i ein triveleg kystby
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Byen vår! Kristiansund er perla på Nordmøre med naturskjønn plassering ut mot havet. Den hyggjelege småbyen har eit intimt bysentrum og byr på eit variert utval kaféar og spisestadar. Byen si plassering byr på eit unikt friluftsliv. Havet tilbyr båtliv, seilsport og fiske, og dei næraste fjella gir flotte mogelegheiter for fotturar, klatring og skikøyring. Kristiansund har eit rikt kulturtilbod med Noregs største distriktsopera, fleire musikkfestivalar, fotofestival og eit nytt kulturbygg kor det jamleg vert arrangert konsertar og andre kulturarrangement. Kristiansund har òg bynær flyplass med fleire daglege avgangar til Oslo og Bergen med mogelegheit for vidare flybytte. Les meir om Kristiansund og Nordmøre her
Kontaktinformasjon
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal