Fortsett videre til hovedinnhold
Last opp CV-en din - Søk på jobber raskt og enkelt

legevakt jobber i Stord kommune

Sorter etter: -
2 jobber

Andre har søkt etter:

akuttmottak

Job Post Details

Fastlegevikar - job post

Sula Kommune
3.0 out of 5
Langevåg
Fast, Heltid
Opprett en Indeed-konto før du fortsetter til firmaets nettsted.

Jobbdetaljer

Slik stemmer jobbdetaljene overens med profilen din.

Jobbtype

  • Fast
  • Heltid

Skift og arbeidstid

  • Helg

Sted

Langevåg

Full stillingsbeskrivelse

Om stillinga

Kommunelegekontoret i Sula søkjer etter ein fastlegevikar for perioden 01/09/24 - 01/12/25.

Kommunen lyser også ut ein ny fastlegeheimel, 0 liste, den kan evt kombinerast med dette vikariatet.

Kommunelegekontoret i Sula består av 9 fastlegar og 1 LIS1. Driftsformene er både fastlønn og næringsdrift, men kommunen drifter kontoret. Dette medføre at ingen av fastlegane har ansvar for generell drift og personalansvar, det er det kommunen som tar seg av. Kontoret har både helsesekretærar og sjukepleiarar i tillegg til stabil legedekning. Dei fleste fastlegane er spesialistar i allmennmedisin.

Ein fastlege, skal ha permisjon, og ein treng derfor vikar i denne perioden. Dette er ei liste med ca 700 pasientar, i tillegg til 1 dag i veka på helsestasjonen.


Nøkkelinformasjon
Søknadsfrist:

17.07.2024

Arbeidsgivar:

Sula kommune

Stad:

Langevåg

Stillingstittel:

Fastlegevikar

Heiltid / Deltid:

Heiltid

Tilsetjingsform:

Fast

Stillingsprosent:

100

Webcruiter-ID:

4834098429


Del på Facebook

Arbeidsoppgåver

  • Vikaren vil hovudsakleg arbeide på eiga liste, men har også dagar med øyeblikkeleghjelp på dagtid
  • Kommunen har organisert daglegevakt, vaktbelastninga blir fordelt på alle legane i kommunen
  • Kommunale oppgåver vil bli tilplikta. No er det helsestasjon som ligg til denne stillinga
  • Sula kommune inngår i interkommunal legevakt på kveld, natt og helg, denne held til
    like ved Ålesund sjukehus. Alle legane deltar i vaktordning ved legevakta.

Kvalifikasjonar

  • Søkjar må ha norsk autorisasjon.
  • LIS 1, eller tilsvarande, må vere gjennomført og godkjent.
  • Må beherske norsk språk, godt både munnleg og skriftlig
  • Erfaring frå tilsvarande arbeid, er ein fordel.
  • Må ha sertifikat klasse B og kunne disponere bil

Personlege eigenskapar

Det vil bli lagt vekt på personlige eigenskapar og gode samarbeidsevne i tillegg til
faglege kvalifikasjonar

Vi tilbyr

  • Godt arbeidsmiljø.
  • Godt samarbeid mellom fastlegane.
  • Godt utstyrt kontor og dyktig personale.
  • Eit kontor med brei kompetanse og fokus på tenesteutvikling
  • Kommunen er open for dialog rundt enten næringsdrift eller fastlønn.
  • Godt tverrfaglig samarbeid med dei andre tenestene i kommunen
  • Gratis parkering



Adresse:
Stadsnesvegen 9b, 6030 Langevåg


Kontaktinformasjon

Grethe Elise Gjørvad Øen
Einingsleiar
Telefon:
48005891
E-post:
grethe.elise.gjorvad.oen@sula.kommune.no
Øystein Mjelde Aasen
Fastlege og HTV DNLF
Telefon:
48073860
E-post:
Oystein.Mjelde.Aasen@sula.kommune.no

Sula kommune ligg sentralt til på Sunnmøre med Ålesund som næraste nabo. Kommunen har omlag 9600 innbyggjarar kor omlag halvparten bur i kommunesenteret Langevåg. Med eit areal på 59 km² er Sula ei av dei minste og mest folketette kommunane i fylket. Kommunen er ei vekstkommune med stor aktivitet, eit rikt kulturliv og med gode høve til å dyrke friluftsliv. Sula kommune ønskjer å vere ein attraktiv arbeidsgjevar som kan rekruttere, utvikle og halde på dyktige medarbeidarar. Kommunedirektøren si leiargruppe består i dag av kommunedirektør og fire kommunalsjefar. Desse er nøkkelpersonar for at våre omlag 700 dyktige og engasjerte medarbeidarar skal kunne utføre viktige oppgåver for innbyggjarane og samfunnet.

La arbeidsgivere finne degLast opp CV-en din