Fortsett videre til hovedinnhold
Last opp CV-en din - Søk på jobber raskt og enkelt

lege jobber i Bergen

Sorter etter: -
50+ jobber

Andre har søkt etter:

Job Post Details

Lege i spesialisering, urologi

Haukeland Universitetssjukehus
3.9 av 5 stjerner
Bergen
Opprett en Indeed-konto før du fortsetter til firmaets nettsted.

Jobbdetaljer

Slik stemmer jobbdetaljene overens med profilen din.

Jobbtype

  • Vikariat
  • Fast

Sted

Bergen

Full stillingsbeskrivelse

Om stillinga

Avdeling for urologi har ledig 2 faste stillingar og 2-3 vikariat i 6-12 månader for lege i spesialisering i urologi frå mars 2025. Vikariat kan telje som del av spesialistutdanninga.

Vi ser etter deg som har frå noko til omfattande erfaring innan urologi, og som ønsker å arbeide i eit spennande og krevjande læringsmiljø.

Det er 4 andre avdelingar i Kirurgisk klinikk; Avdeling for bryst- og endokrinkirurgi, Avdeling for gastrokirurgi, Avdeling for karkirurgi og Avdeling for plastikkirurgi og brannskade. Alle avdelingane samarbeider på tvers.

Pasientane våre kjem frå lokal- og regionalområdet i Helse Vest. Avdeling for Urologi har 13 overlegar og 8 legar i spesialisering, i tillegg til LIS1. Urologiske LIS utgjer eit vaktsjikt saman med LIS frå avdeling for Bryst- og endokrinkirurgi. På vakttid har dei ansvar for mottak, utgreiing og behandling/oppfølging av urologiske pasientar og samarbeider med dei øvrige forvaktssjikta i klinikken.

Avdeling for urologi er leiande innanfor urologisk kreftkirurgi (regionalt kreftkirurgisk senter) og moderne endoskopisk kirurgisk behandling av alle tilstandar i øvre urinvegar. Avdelinga er òg regionalt senter innan nevrourologi og avansert urodynamikk.

Vår tilnærming til faget er forskings- og evidensbasert, og slik erfaring/ dokumentert interesse er difor svært ønskeleg.

For fast stilling gjeld følgande: Etter fullført spesialisering vil stillinga bli omgjort til stilling som legespesialist.

Vedkommande som får tilbod om stilling må legge fram godkjend politiattest (vandel) jf. Lov om helsepersonell.

Søkarar utanfor Skandinavia må dokumentere norsk kunnskap, både skriftleg og munnleg. Ønsker ikkje kontakt med rekrutteringsbyrå eller annonseseljarar. Søknadar utanom WebCruiter vil ikkje bli behandla.

Nøkkelinformasjon
Søknadsfrist:

06.02.2025

Arbeidsgivar:

Helse Bergen

Stillingstittel:

Lege i spesialisering, Urologi

Heiltid / Deltid:

Heiltid

Tilsetjingsform:

Fast, Vikariat

Stillingsprosent:

100

Webcruiter-ID:

4903812047

Del på X


Del på Facebook

Arbeidsoppgåver

  • I arbeidet som LIS inngår visitt, administrative legeoppgåver, vaktteneste, poliklinikk og operasjonar
  • Viser til nasjonalt regelverk og krav til spesialistutdanning i urologi

Kvalifikasjonar

  • Den som blir tilsett som LIS må ha norsk autorisasjon og godkjend turnusteneste/LIS 1 eller teneste som etter gjeldande norsk regelverk kan leggast til grunn for tilsetting i LIS 2/3-stilling i urologi
  • Relevant erfaring frå sjukehus
  • Må meistre norsk skriftleg og munnleg
  • Dokumentert erfaring frå urologifaget blir lagt særs stor vekt på. Dette inkluderer dokumentasjon på kva slags urologiske prosedyrar/operasjonar søkar handterer
  • Anna dokumentert erfaring frå generell kirurgi er ein fordel
  • Det blir lagt stor vekt på kompetanse innan forsking
  • Kunnskap om avansert bruk av web- og database-, og andre dataverktøy ein fordel

Personlege eigenskapar

  • Evne til å arbeide sjølvstendig, nøyaktig og målretta med arbeidsoppgåver
  • Er ansvarsbevisst og pasientorientert
  • Kan prioritere når situasjonen krev det
  • Har respekt for kvar enkelt pasient og kollega
  • Har gode kommunikasjonseevner
  • Bidrar til eit godt arbeidsmiljø
  • Er lojal og trivast med tverrfagleg arbeid
  • Må trivast i eit aktivt og travelt miljø
  • God evne til samarbeid vil bli lagt særskild vekt på

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode moglegheiter for å få fylt operasjonslista for deg som har noko kirurgisk erfaring/ god operasjonsteknisk praksis
  • Høgt fagleg nivå med moglegheiter for forsking
  • Fagleg og personleg utvikling


Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.




Adresse:
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen, Norge
(i ny fane)

Kontaktinformasjon

Christian Beisland
Avdelingssjef
Telefon:
47301005

Om arbeidsgivaren

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

La arbeidsgivere finne degLast opp CV-en din