Skip to main content
Last opp CV-en din - Søk på jobber raskt og enkelt

kjøkkensjef jobber i Vestlandet

Sorter etter: -
7 jobber
  • Vis lignende jobber hos denne arbeidsgiveren
  • Vis lignende jobber hos denne arbeidsgiveren
Vi har fjernet noen stillingsannonser som ligner de som allerede er vist. For å se de ytterligere resultatene kan du gjenta søket med de utelatte stillingsannonsene inkludert.

Job Post Details

Kjøkkensjef i 100% fast stilling ved Askvoll omsorgssenter

Askvoll kommune
Askvoll
Opprett en Indeed-konto før du fortsetter til firmaets nettsted.

Jobbdetaljer

Jobbtype

  • Fast

Skift og arbeidstid

  • Helg

Sted

Askvoll

Full stillingsbeskrivelse

Vi har frå 18.08.2025 ledig 100% fast stilling som kjøkkensjef til institusjonskjøkkenet vårt på Askvoll omsorgssenter. Ved internt opprykk kan det bli ledig stilling som kokk.
I vår kommune er vi opptatt av at tenestene skal vere fagleg gode og medverke til god livskvalitet.
Primæroppgåva er å lage mat til bebuarane på Askvoll omsorgssenter, i tillegg til dagsenter og heimebuande som får levert middagen heim. Til saman utgjer dette ca. 100 middagar per dag.
Vi søker etter ein kjøkkensjef som vil ta ansvar for kjøkkenet og som leverer sunn og god mat til våre bebuarar og til dei heimebuande.
Som kjøkkensjef ved Askvoll omsorgssenter vil du få moglegheit til å være med å påvirke tenestene våre, og drifta av kjøkkenet. Kjøkkenet skal være ein viktig og synleg del av bebuarane sitt tenestetilbod.

Ver venleg å oppgje i søknadsteksten om du òg ønskjer å stå som søkjar på eventuell ledig kokkestilling.

Arbeidsoppgåver:
Sørge for at kjøkkenet vert drive i samsvar til kommunen sine verdiar og mål
Ansvarleg for den daglege drifta av kjøkkenet
Ansvar for å følgje opp kvalitets- og internkontrollrutinar
Overordna ansvar for varebestilling og oppfølging av leverandørar
Delta i utforming og gjennomføring av arrangement for bebuarane der det vert servert mat
Produksjon av varm og kald mat
Ansvar for menyplanlegging saman med kollegaer
Bistå med vareplassering saman med kollegaer
Arbeide for eit godt mattilbod for pasientane
Arbeide i tråd med lovpålagte kvalitetsstandardar
Kjøkkenet nyttar Mathilda som planleggingsverkty, og naudsynt opplæring vil bli gjeve
Arbeid etter 35,5t/veke og kvar 3.helg

Kvalifikasjonar:
Fagbrev som kokk, fortrinnsvis ernæringskokk
Erfaring frå arbeid som kjøkkensjef vil vere ein fordel
Må ha grunnleggjande datakunnskalp og evne til å setje seg inn i og bruke nye system
Kompetanse innan økonomi- og ressursstyring
Kjennskap til relevant lovverk og nasjonale anbefalingar
Du er serviceinnstilt og gjer «det lille ekstra» for bebuarane
Gode norskkunskapar munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar:
Fagleg interesse
Nøyaktig og ansvarsbevisst
Arbeide systematisk i eit tidvis hektisk miljø
Vere lojal og bidra til eit godt arbeidsmiljø
Ha gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
Du må kunne arbeide både sjølvstendig og tverrfagleg
Er positiv, fleksibel og fagleg engasjert
Du må kunne vise omsorg og bry deg om andre menneske, og du må vise hensyn og respekt
Personlege eigenskapar og fleksibilitet vert vektlagd ved tilsetjing

Vi tilbyr:
Varierte og spennande arbeidsoppgåver i eit aktivt og positivt arbeidsmiljø
Mogelegheit for sletting av studielån i samsvar med den nye statlege støtteordninga, der du etter eitt år tilsetjing/opptening kan få sletta 25.000 kr av studielånet ditt kvart år dersom du vel å bu i usentrale kommunar. Dette skal motivere folk til å bu i distrikta og halde høge kompetansenivå i desentraliserte kommunar. Askvoll kommune er innan denne ordninga, men du er sjølv ansvarleg for å søkje om dette hos Statens lånekasse.
Lokalt årleg tillegg på kr. 20.000 for over tariffesta garantiløn for kokk med fagbrev
Lokalt årleg tillegg på kr. 10.000 over tariffesta garantiløn for tilsette i kokkestillingar som jobbar helg
Fagarbeidarar utan fagbrevet som er kravd men som har fagbrev på anna fagområde, vert plassert i stillingskode som assistent men løna som fagarbeidar ihht. tariff, jf. lønspolitisk plan
Arbeid 35,5 t/veke og på helg
Pensjonsordning i KLP
Flyttegodtgjersle, jf. personalhandbok for Askvoll kommune
Tilsetjing skjer på dei vilkår og med dei plikter som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglar og tariffavtalar.

Askvoll kommune legg vekt på mangfald på arbeidsplassen og oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søkje - uavhengig av alder, seksuell orientering, kjønn og kjønnsidentitet, funksjonsnedsetting og nasjonal eller etnisk bakgrunn. Arbeidsvilkåra vert tilrettelagde for personar med nedsett funksjonsevne.

Vi gjer merksam på at søkjarar kan verte offentleggjort (offentleg søkjarliste). Søknadar om å verte unnateke offentlegheita må grunngjevast, og vert vurdert fortløpande. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren bli kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste blir gjort offentleg.
La arbeidsgivere finne degLast opp CV-en din