Skip to main content
Last opp CV-en din - Søk på jobber raskt og enkelt

jordmor jobber i Stord kommune

Sorter etter: -
1 jobb
    • Trivst med pasientkontakt og har pasienten i fokus.
    • Har eit godt auge for detaljer og jobbar nøyaktig.
    • Støtte til reise og opphald under studiet i Trondheim.
    • Se alle jobber hos Jobb: Helse FonnaStord kommuneJobb: Jordmor - Stord kommune
    • Lønnssøk: Lønn under vidareutdanning som ultralydjordmor 2026-2027 lønninger
    • Se populære spørsmål og svar om Helse Fonna

Job Post Details

Lønn under vidareutdanning som ultralydjordmor 2026-2027 - job post

Helse Fonna
4.0 av 5 stjerner
Stord kommune
Fast, Heltid
Opprett en Indeed-konto før du fortsetter til firmaets nettsted.

Jobbdetaljer

Jobbtype

  • Fast
  • Heltid

Skift og arbeidstid

  • Helg

Sted

Stord kommune

Full stillingsbeskrivelse

Om stillinga

Vil du bli ein av våre framtidige ultralydjordmødrer?
Føde- og gynekologisk avdeling i Helse Fonna har ein spennande moglegheit for deg som er jordmor og som drøymer om å vidareutdanne deg innan ultralyd. Vi ser etter deg som er nysgjerrig, fagleg engasjert – og som ønskjer å vere med og styrke tilbodet til kvinner i regionen vår.

Vidareutdanninga er eit heiltidsstudium (60 studiepoeng) ved NTNU i Trondheim, med oppstart i januar 2026 og søknadsfrist hausten 2025.


Etter endt utdanning vil du jobbe dagtid på poliklinikken i vekene og ha tredjekvar helg på føde/barsel. Stillinga har to års bindingstid etter fullført utdanning.

Kanskje er dette akkurat det steget du har venta på? Vi gler oss til å høyre frå deg.


Nøkkelinformasjon

Søknadsfrist:
20.07.2025
Arbeidsgivar:
Helse Fonna HF
Stad:
Stord
Stillingstittel:
Jordmor
Stillingar:
1
Heiltid / Deltid:
Heiltid
Tilsetjingsform:
Fast
Stillingsprosent:
100
Webcruiter-ID:
4988367384
Del på X
Del på Facebook

Kva går jobben ut på?

  • Ultralyd av gravide/ screening i poliklinikk
  • Jordmor på føde og barsel eininga i helgene
  • Medansvar for vedlikehold/oppgradering av fagsystem
  • Medansvar for bestilling av utstyr/varer til avdelingen

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

  • Norsk autorisasjon som jordmor
  • Må ha kunnskap om EPJ og andre fagsystem
  • Bør ha minimum 2 års erfaring som jordmor

Kva ser vi etter hos deg? eigenskapar

Hos oss ser vi etter deg som:

  • trivst med pasientkontakt og har pasienten i fokus
  • jobbar sjølvstendig og tek ansvar for oppgåvene dine
  • har eit godt auge for detaljer og jobbar nøyaktig
  • kommuniserer tydeleg – både med kollegaer og pasientar
  • likar å samarbeide på tvers av fag og yrkesgrupper
  • bidreg til eit godt arbeidsmiljø og bryr deg om kollegaene dine
  • trivst i eit aktivt og til tider hektisk arbeidsmiljø

Personelege eigenskapar blir vektlagd

Kvifor skal du velje oss?

Hos oss får du:

  • Permisjon med løn frå eigen stilling medan du tek vidareutdanning.
  • Støtte til reise og opphald under studiet i Trondheim.
  • Bindingstid til føde og gynekologisk avdeling.
  • Triveleg arbeidsmiljø med gode kollegaer.
  • Ein arbeidsplass som er IA-bedrift og legg til rette for eit inkluderande og utviklande arbeidsliv.



Adresse: Stord Hospital, Tysevegen 64, 5416 Stord, Norge



Kontaktinformasjon

Elisabeth Sortland
Avdelingsleiar
Telefon: +47 91801476

Om arbeidsgivaren

Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.

Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.

La arbeidsgivere finne degLast opp CV-en din