Fortsett videre til hovedinnhold
Last opp CV-en din - Søk på jobber raskt og enkelt

for ungdom jobber i Kristiansund

Sorter etter: -
5 jobber

Andre har søkt etter:

under 18 år

Job Post Details

Helsesekretær/Sekretær - job post

Helse Møre og Romsdal
Kristiansund
Deltid, Vikariat
Opprett en Indeed-konto før du fortsetter til firmaets nettsted.

Jobbdetaljer

Slik stemmer jobbdetaljene overens med profilen din.

Jobbtype

  • Deltid
  • Vikariat

Sted

Kristiansund

Full stillingsbeskrivelse

(i ny fane)


Om stillinga

Seksjon for sengepost og poliklinikk for barn og unge i Kristiansund/Molde har ledige stillingar for helsesekretær/sekretær!


  • 1 x 100% vikariat frå snarast - 31.12.24
  • 1 x 50% vikariat frå snarast - 31.12.24 med mogelegheit for forlenging

Sengepost og poliklinikk for barn og unge tek i mot pasientar fra 0 – 18 år til medisinsk og kirurgisk behandling. Vi har sengepost med 8 sengeplassar, dagbehandling og poliklinikk i Kristiansund, og poliklinikk i Molde. Seksjonen har 2,5 stillinger for helsesekretær/sekretær.
Kristiansund sjukehus og Molde sjukehus vil bli slått saman til eit nytt fellessjukehus, Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR) med planlagt innflytting i 2025. Det nye akuttsjukehuset vert plassert på Hjelset i Molde kommune. Her vert det no planlagt for sengepost, dagbehandling og poliklinikk for barn og ungdom. I Kristiansund vert det planlagt tilbod til barn og ungdom med poliklinikk og dagbehandling.

Den fargerike opera- og klippfiskbyen Kristiansund er perla på Nordmøre. Her finn du eit rikt kulturtilbod med eige operahus som har fleire oppsetjingar og konsertarrangement kvart år. Like utafor byen kan du oppdage den spektakulære Atlanterhavsvegen og fleire sjarmerande fiskevær. Byen har eigen flyplass med fleire daglege avgangar til Oslo og Bergen. Les meir om Kristiansund og Nordmøre her!
Molde er rosens, jazzens og kulturens by, og ikkje minst eit eldorado for fjellturer, alpint, klatring, golf, seiling og padling. Byen er barnevennleg med nærleik til skule, barnehage og fritidstilbod. Molde by fornyar seg med m.a. ny sjøfront og fleire spennande kaféer og spisestader. Les meir om Molde og Romsdalen her!

Nøkkelinformasjon
Søknadsfrist:

24.06.2024

Arbeidsgivar:

Helse Møre og Romsdal HF

Stad:

Kristiansund

Stillingstittel:

Helsesekretær/Sekretær

Stillingar:

2

Heiltid / Deltid:

Heiltid, Deltid

Tilsetjingsform:

Vikariat

Stillingsprosent:

100, 50

Webcruiter-ID:

4825509487


Arbeidsoppgåver

  • Stillinga medfører dagarbeid mandag - fredag
  • Elektronisk handtering av tilvisingar og innkomande post
  • Elektronisk dokumentbehandling
  • Skrivearbeid
  • Oppsett av polikliniske timar
  • Registrering av poliklinikkbesøk
  • Telefonbetjening

Kvalifikasjonar

  • Gode norsk-kunnskapar muntleg og skriftleg
  • Gode skriveferdigheiter
  • God kjennskap til elektronisk pasientjournal og pasientadministrative rutiner er ein fordel
  • Autorisasjon som helsesekretær
  • Relevant kompetanse og erfaring frå arbeidsområdet kan erstatte krav om formell kompetanse

Personlege eigenskapar

  • Du er høfleg og imøtekomande
  • Ha positiv innstilling og vere med å opretthalde eit godt arbeidsmiljø
  • Helsesekretær/sekretær er i førstelinja for mottak av polikliniske pasientar og har difor ei viktig rolle i korleis pasienten opplever seksjonen
  • Kunne arbeide strukturert sjølvstendig i ein hektisk kvardag
  • Ha god evne til samarbeid både med eigen og andre yrkesgrupper
  • Arbeide nøyaktig og vere løysingsorientert

Personlege eigenskapar og eignaheit vil verte vektlagd ved tilsetting.

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp og lagt ved søknad og CV.




Adresse:
Herman Døhlens vei 1, 6508 Kristiansund, Norge
(i ny fane)

Kontaktinformasjon

Kjetil Sandvik Havnen
Konstituert seksjonsleder
Telefon:
40604385
E-post:
kjetil.sandvik.havnen@helse-mr.no
Siv Helen Kristoffersen
Seksjonsleiar
Telefon:
+47 71121558
E-post:
Siv.Helen.Kristoffersen@helse-mr.no

Om arbeidsgivaren

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.

Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal

La arbeidsgivere finne degLast opp CV-en din