Fortsett videre til hovedinnhold
Last opp CV-en din - Søk på jobber raskt og enkelt

deltid jobber i Molde

Sorter etter: -
34 jobber

Andre har søkt etter:

ledige stillinger

Job Post Details

Miljøarbeidar - job post

Helse Møre og Romsdal
Hjelset
Deltid
Opprett en Indeed-konto før du fortsetter til firmaets nettsted.

Jobbdetaljer

Slik stemmer jobbdetaljene overens med profilen din.

Jobbtype

  • Deltid

Sted

Hjelset

Full stillingsbeskrivelse

(i ny fane)


Om stillinga

Alderspsykiatri Nordmøre og Romsdal er tverrfagleg samansett. Hovudoppgåva til seksjonen er utgreiing og behandling av demens (APSD) og psykiske lidingar hos personar over 65 år (ved demens ingen aldersgrense). Seksjonen har eit stort fokus på miljøtiltak; sansestimulering, TID – modellen, tillitsskapande arbeid og benytter mellom anna Marte Meo til rettleiing innan funksjonsstøttande kommunikasjon.

Døgnposten har 6 plassar. Det er eit nært samarbeid med andre seksjonar i føretaket og med poliklinikken i seksjonen. Poliklinikken har ein utstrakt bruk av ambulant aktivitet der også miljøpersonale frå sengepost deltek. Alderspsykiatri Nordmøre og Romsdal gir rettleiing og bistår samarbeidspartnarane våre i kommunane.

Hausten 2024 skal vi inn i det nye Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR), og vi ser fram til å ha deg med på laget vårt.

Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV


Nøkkelinformasjon
Søknadsfrist:

30.06.2024

Arbeidsgivar:

Helse Møre og Romsdal HF

Stad:

Hjelset

Stillingstittel:

miljøarbeider

Stillingar:

4

Heiltid / Deltid:

Deltid

Tilsetjingsform:

Helgevakt

Stillingsprosent:

14

Webcruiter-ID:

4827976734

Startdato:

26.08.2024

Sluttdato:

22.06.2025


Arbeidsoppgåver

  • Bidra i miljøarbeid, kartlegging, utgreiing og rettleiing
  • Bidra til gode pasientforløp i samarbeid med kollega i sengeposten og i poliklinikk
  • Vise engasjement og lojalitet til oppsette behandlingsmål og tiltak
  • Halde seg fagleg oppdatert via seksjonen sine kompetansehevingstiltak
  • Bidra til å utvikle eit godt samarbeid med kommunane
  • Halde seg oppdatert på seksjonen sine rutinar og prosedyrar

Kvalifikasjonar

  • Det søkast etter personar med relevant helse- eller sosialfagleg utdanning, eller som er i eit utdanningsforløp innan desse utdanningane

Personlege eigenskapar

  • Vi ønskjer oss ein truverdig og fagleg sterk fagperson med nok audmjukheit til å kjenne si eiga styrke og begrensning. Ein som kan trå til når det skjer noko ekstra, og som har mot nok til å bringe sine synspunkt inn til drøfting med kollega
  • Jobben kan vere krevande kjenslemessig og du må sjølv vite når du har behov for at nokon ser deg, og seie frå ved behov for støtte, rådgjeving og påfyll. I det daglege vil du gå tett på mennesker som har tøffe historier med seg og slit med etterverknad etter dette. Det forventast at du tåler å stå i dette
  • Du må kunne ta utfordringar på sparket og stole på deg sjølv
  • Du må vere omstillingsdyktig då det skjer store endringer i organisasjonen vår
  • Du må vere positiv og ein god relasjonsbyggar
  • Du er fleksibel, løysningsorientert og har stor arbeidskapasitet
  • Du er god på å samarbeide på tvers av yrkesgrupper
  • Du er fysisk og psykisk eigna for stillinga
  • Du må vere fagleg tydeleg og gje tilbakemeldingar til kollega både på det negative og positive
  • Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Molde er rosens, jazzens og kulturens by, og ikkje minst eit eldorado for fjellturer, alpint, klatring, golf, seiling og padling. Byen er barnevennleg med nærleik til skule, barnehage og fritidstilbod. Vi har fleire daglege flyavgangar til Oslo og internasjonale ruter. Molde by fornyar seg med m.a. ny sjøfront og fleire spennande kaféer og spisestader. Les meir om Molde og Romsdalen her




Adresse:
Opdølvegen, 6450 Hjelset
(i ny fane)

Kontaktinformasjon

Marit Møgedal Stokkeland
Seksjonsleiar
Telefon:
+47 46683184
E-post:
Marit.Mogedal.Stokkeland@helse-mr.no

Om arbeidsgivaren

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.

Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal

La arbeidsgivere finne degLast opp CV-en din