Skip to main content
Last opp CV-en din - Søk på jobber raskt og enkelt

barne og ungdomsarbeidar jobber i Valderøy

Sorter etter: -
1 jobb

Job Post Details

Fagarbeidar/barne- og ungdomsarbeidar - job post

Helse Møre og Romsdal
Ålesund
Fast
Opprett en Indeed-konto før du fortsetter til firmaets nettsted.

Jobbdetaljer

Jobbtype

  • Fast

Sted

Ålesund

Full stillingsbeskrivelse

(i ny fane)


Om stillinga

Vi søker ein fagarbeidar/barne- og ungdomsarbeidar med fagbrev i 100% stilling til vårt team på ØNH, audiopedagogisk poliklinikk.

Audiopedagogisk poliklinikk er ein del av ØNH seksjonen på Ålesund sjukehus. Vi arbeider tverrfagleg for å gi eit godt tilbod for barn med nedsett høyrsel i Møre og Romsdal. Ein del av tilbodet inneber poliklinisk rehabilitering der barn med nedsett høyrsel får vere i grupper der vi legg til rette for ulike aktivitetar som frammar høyrsel- og språkutvikling. Vi observerer og gir veiledning. I stillinga som fagarbeider/barne- og ungdomsarbeidar vil du være en del av dette teamet!

Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.

Nøkkelinformasjon
Søknadsfrist:

25.05.2025

Arbeidsgivar:

Helse Møre og Romsdal HF

Stad:

Ålesund

Stillingstittel:

Fagarbeidar/barne- og ungdomsarbeidar

Stillingar:

1

Heiltid / Deltid:

Heiltid

Tilsetjingsform:

Fast

Stillingsprosent:

100

Webcruiter-ID:

4960972529


Arbeidsoppgåver

  • Vere med å planleggje og leggje til rette for ulike aktivitetar for barn i ulike aldrar
  • Observere barns utvikling på ulike område
  • Ha ansvar for ein del praktiske oppgåver som vask av leikar, rydde avdelingane og leggje til rette for ei ny veke
  • Planleggje og halde oversikt over ulike oppgåver, til dømes overnatting til pasientar ved behov, vask og bestillingar i Nutshell
  • Delta på møter
  • Dokumentasjon i samband med opphald

Kvalifikasjonar

  • Utdanna fagarbeidar eller barne- og ungdomsarbeidar med fagbrev
  • Erfaring med å arbeide med barnegrupper eller barn
  • Kunnskap om barns utvikling
  • Det er ein fordel med noko kompetanse innan teikn
  • Ha god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk

Personlege eigenskapar

  • Evne til å både arbeide sjølvstendig og i team
  • Vere strukturert og god på planlegging
  • Vere omsorgsfull og ein aktiv vaksen i samspel med barn
  • Evne til å skapa gode og trygge relasjonar til barn
  • Fleksibilitet med tanke på å utføre ulike arbeidsoppgåver
  • Lærevillig


Personlig egenskaper vil bli vektlagt

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir her!




Adresse:
Åsehaugen 5, 6017 Ålesund, Norge
(i ny fane)

Kontaktinformasjon

Monika Dahl Berget
Seksjonsleiar
Telefon:
+47 70105271
E-post:
monika.berget@helse-mr.no
Vibeke Marie Røvik
Spesialpedagog
Telefon:
+47 70106076

Om arbeidsgivaren

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.

Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal

La arbeidsgivere finne degLast opp CV-en din