Fortsett videre til hovedinnhold
Last opp CV-en din - Søk på jobber raskt og enkelt

jordmor jobber i Stord kommune

Sorter etter: -
1 jobb

Job Post Details

Leiar for føde og barsel - job post

Helse Fonna
4.0 av 5 stjerner
Haugesund
Fast, Heltid
Opprett en Indeed-konto før du fortsetter til firmaets nettsted.

Jobbdetaljer

Slik stemmer jobbdetaljene overens med profilen din.

Jobbtype

  • Fast
  • Heltid

Sted

Haugesund

Full stillingsbeskrivelse

Om stillinga

Vil du bli vår nye funksjonsleiar på føde og barsel i Haugesund? Ein spennande moglegheit for deg som er opptatt av mennesker, utvikling og leiing!

Som funksjonsleiar får du delta i klinikkens leiargruppe og vil ha nært samarbeid med avdelingsleiar. Du får moglegheit til å utvikle leiarkompetansen din gjennom eit leiarutviklingsprogram, samt bidra til utviklinga av faget og fødetilbodet i Haugesund.

Vi er ein del av føde- og gynekologisk avdeling i kirurgisk klinikk og er klassifisert som kvinneklinikk. Dette innebærer at vi tar imot risikofødslar fra heile Helse Fonna sitt nedslagsfelt. I samarbeid med Odda og Stord har vi omlag 1250 fødslar i året. Vi har barseltilbud og poliklinisk aktivitet som ivaretar både gravide og kvinner/barn etter fødsel. Avdelinga byr på eit dynamisk miljø med høg fagleg kompetanse, dyktige kollegaer og gode samarbeidsforhold.


Ta kontakt med meg for ein uformell prat Sidsel Petrine Vetås 52732326 , eller send inn søknad med ein gong

Sjekk oss ut på Instagram: fode.barsel.gyn_hgsd


Nøkkelinformasjon

Søknadsfrist:
22.09.2024
Arbeidsgivar:
Helse Fonna HF
Stad:
Haugesund
Stillingstittel:
Funksjonsleiar
Stillingar:
1
Heiltid / Deltid:
Heiltid
Tilsetjingsform:
Fast
Stillingsprosent:
100
Webcruiter-ID:
4847748856
Del på X
Del på Facebook

Arbeidsoppgåver

  • Ansvarlig for fag, turnus og økonomi for avdelinga
  • Ansvar for døgndrift og poliklinisk aktivitet på føde/barsel
  • Personalansvar for jordmødre, sjukepleiarar, barnepleiarar og assistentar

Kvalifikasjonar

  • Autorisert jordmor
  • Relevant lederutdanning og leiarerfaring er ønskjeleg
  • God økonomiforståing
  • Ønskjeleg med erfaring frå føde/barsel avdeling
  • Ønskjeleg med kjennskap til Dips og Natus
  • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad

Personlege eigenskapar

Hos oss er det viktig at du er:

  • motivert for leiing
  • strukturert og systematisk
  • god på å jobbe i team
  • målretta og resultatorientert
  • sjølvstendig og handlekraftig
  • fleksibel og løysningsorientert

Personlige eigenskapar og motivasjon for stillinga blir vektlagd.


Vi tilbyr

  • Leiarutviklingsprogram
  • Videreutvikle faget og fødetilbodet i Haugesund
  • Tett samarbeid og oppfølgning frå avdelingsleiar
  • Deltaking i klinikkens leiargruppe
  • Ei aktiv avdeling med høg fagkompetanse, gode medarbeidarar og godt samarbeidsklima


Vitnemålsportalen

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemalsportalen.no Har du har tatt utdanning i utlandet, må du leggje ved godkjenning frå UDIR/NOKUT i søknaden. Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.

Mangfaldserklæring
Helse Fonna ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Helse Fonna ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.




Adresse: Helse Fonna - Haugesund Sjukehus, Karmsundgata 120, 5528 Haugesund, Norge



Kontaktinformasjon

Sidsel Petrine Vetås
Avdelingsleiar
Telefon: 52732326

Om arbeidsgivaren

Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.

Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar.

For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no.

La arbeidsgivere finne degLast opp CV-en din