Stord kommune
Få ukentlige oppdateringer, nye jobber og anmeldelser

Stord kommune karrierer og ansettelse

Om oss
Stord ligg sentralt i Sunnhordland mellom Stavanger og Bergen. Kyststamvegen E39 går over Stord, og Stord lufthamn har faste daglege ruter til og frå Oslo. Kommunen utgjer den sørlege delen av Stordøy i tillegg til den mindre øya Huglo. Nord på Stordøy ligg Fitjar kommune. Gjennom Trekantsambandet er Stord landfast med Bømlo og Haugalandet/Haugesund.

Stord
 – mer... er byen og senteret i regionen Sunnhordland med mange og varierte tilbod innan privat og offentleg tenesteyting, handel og undervisning, idrett og kultur. Byen sine unike fortrinn er at ”alt er nært”; både fjord og fjell, kulturtilbod, arbeidsplassar, offentlege etatar, handelssentra og uteliv.

Vekst og endring

Stordsamfunnet har i heile etterkrigstida vore prega av vekst og endring. Skipsbyggings- og seinare den oljeretta industrien har vore motoren i næringsutviklinga.


Samfunnet er som næringslivet internasjonalt retta. Det fleirkulturelle samfunnet gjer at ein er opne for variasjon, nye idear og tankar til beste for komande generasjonar.


Fakta

Grunnlagt i 1838

Fekk bystatus i 1997

Nynorsk kommune

Senter for leverandørretta oljeindustri i Norge. Større verksemder er Kværner Stord AS, Wärtsilä AS og Apply Leirvik

Regionsenter i Sunnhordland. Sunnhordlandsregionen har ca 60 000 innbyggjarar fordelt på 7 kommunar

Høgskulesenter - Høgskulen på Vestlandet

Sjukehus – Stord sjukehus

Flyplass – Stord lufthamn

Kommunesenter: Leirvik

Areal: 144 kvadratkilometer

Folkeltal: cirka 18 809

Tilsette i Stord kommune i 2017: 1 364

Arbeidsplassar: cirka 9223

- Tenesteyting, privat/off: 63,1 %

- Industri, bygg/anlegg: 33,8 %

- Primærnæringar: 0,8 %

- Andre: 2,24 %
 – mindre
Se Om oss

Hvordan er det å jobbe hos Stord kommune?

4.0
Arbeid/Personliv forhold
3.7
Kompensasjon/Fordeler
4.0
Jobbsikkerhet/Forskudd
3.7
Lederskap
4.7
Kultur