sjukepleiar natt jobber i Langevåg
- Helse FonnaStord kommunePostedPublisert for 11 dager siden·
- Kunne delta i årsarbeidsplan med vakter på helg, kveld og natt.
- Stord sjukehus er eit akutt- og lokalsjukehus med eit nedslagsfelt på rundt 50 000 innbyggjarar…
- Vis alle stillinger - Jobb: Helse Fonna - Jobber i Stord kommune
- Lønnssøk: Anestesisjukepleiar lønninger
- Se populære spørsmål og svar om Helse Fonna
- Helse FonnaHaugesundPostedPublisert for 10 dager siden·
- Inngå i eit tverrfagleg samarbeid for å gi pasientar eit best mogleg opphald på avdelinga.
- Gi god omsorg for pasientar og pårørande.
- Vis alle stillinger - Jobb: Helse Fonna - Jobber i Haugesund
- Lønnssøk: Er du vår nye sjukepleiarkollega? lønninger
- Se populære spørsmål og svar om Helse Fonna
- Helse FonnaHaugesundPostedPublisert for 11 dager siden·
- Søkarar som har andre morsmål enn norsk, svensk eller dansk, og som ikkje har fullført norskspråklig vidaregåande skule, må minimum ha bestått Bergenstesten…
- Se alle jobber hos Jobb: Helse Fonna – Haugesund – Jobb: Medisinsk Operatør - Haugesund
- Lønnssøk: Medisinsk operatør lønninger
- Se populære spørsmål og svar om Helse Fonna
Job Post Details
Anestesisjukepleiar - job post
Jobbdetaljer
Slik stemmer jobbdetaljene overens med profilen din.Jobbtype
- Fast
- Heltid
Skift og arbeidstid
- Helg
Sted
Full stillingsbeskrivelse
Om stillinga
På Stord bur du nær havet og vakre vestlandsfjell, tett på byliv med restaurantar, butikkar, kultursenter og idrettsanlegg.
Me søkjer to anestesisjukepleiarar i 100 %-stilling fast frå 24.12.2024 og èin frå 24.02.2025.
Stord sjukehus er eit akutt- og lokalsjukehus med eit nedslagsfelt på rundt 50 000 innbyggjarar og inngår i Helse Fonna.
Eininga har om lag 2000 anestesiar kvart år og tener generell kirurgi, ortopedi, gynekologi/obstetrikk, samt tannbehandling, ØNH, urologiske inngrep og ECT-behandlingar.
Som ein av 10 anestesisjukepleiarar ved Stord sjukehus inngår ein i gjeldande årsarbeidsplan der det er vaktordning med nattarbeid (for tida tilstadevakt og passiv tid etter midnatt).
Nøkkelinformasjon
Arbeidsoppgåver
- Utføre anestesisjukepleie i samarbeid med anestesilege ved elektiv kirurgi og strakshjelp
- Anestesisjukepleiarane er ein del av traumeteam, stansteam, medisinsk basisteam og team for resuscitering av nyfødde, i tillegg til sectioalarm.
- Arbeid i tverrfaglege grupper
- Vere med på å utvikle og forbetre avdelinga sitt arbeid. Du har fokus på fagleg utvikling og forbetringsarbeid
- Vere bevisst økonomiske og miljømessige utfordringar
- Opplæring og rettleiing av studentar, hospitantar og nytilsette
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Vidareutdanning innan anestesisjukepleie er eit krav, master er ønskeleg
- Relevant, klinisk erfaring innanfor anestesisjukepleie. Stillinga krev erfaring frå tilsvarande oppgåver innanfor anestesisjukepleie
- Du må ha kunnskap innan relevant medisinsk-teknisk utstyr og IKT-system
- Kunne delta i årsarbeidsplan med vakter på helg, kveld og natt
- Erfaring frå kvalitets- og forbetringsarbeid
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad. Må beherske godt norsk både munnleg og skriftleg.
Personlege eigenskapar
Hos oss er det viktig at du:
- bidreg positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
- er målretta og strukturert
- arbeidar godt både sjølvstendig og i team
- viser motivasjon og interesse for fagfeltet
- er punktleg og påliteleg
- arbeidar målretta og toker å stå i krevjande situasjonar
Vi tilbyr
- Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Eit godt fagmiljø med varierte arbeidsoppgåver
- Hjelp med personalbustad
- Sosiale samlingar og turar på fritida
- Fagleg utvikling gjennom kompetanseplan
- Eit meiningsfylt arbeid som gjev personleg utvikling
Vitnemålsportalen
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemalsportalen.no. Har du har tatt utdanning i utlandet, må du leggje ved godkjenning frå UDIR/NOKUT i søknaden. Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.
Mangfaldserklæring
Helse Fonna ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Helse Fonna ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Adresse: Tysevegen 64, 5416 STORD, Norge
Kontaktinformasjon
Om arbeidsgivaren
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar.For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no.