sjukepleiar natt jobber i Langevåg
- Helse FonnaHaugesundPostedPublisert for 10 dager siden·
- Inngå i eit tverrfagleg samarbeid for å gi pasientar eit best mogleg opphald på avdelinga.
- Gi god omsorg for pasientar og pårørande.
- Vis alle stillinger - Jobb: Helse Fonna - Jobber i Haugesund
- Lønnssøk: Er du vår nye sjukepleiarkollega? lønninger
- Se populære spørsmål og svar om Helse Fonna
- Helse FonnaHaugesundPostedPublisert for 11 dager siden·
- Søkarar som har andre morsmål enn norsk, svensk eller dansk, og som ikkje har fullført norskspråklig vidaregåande skule, må minimum ha bestått Bergenstesten…
- Se alle jobber hos Jobb: Helse Fonna – Haugesund – Jobb: Medisinsk Operatør - Haugesund
- Lønnssøk: Medisinsk operatør lønninger
- Se populære spørsmål og svar om Helse Fonna
Job Post Details
Er du vår nye sjukepleiarkollega? - job post
Jobbdetaljer
Slik stemmer jobbdetaljene overens med profilen din.Jobbtype
- Fast
- Deltid
Sted
Full stillingsbeskrivelse
Om stillinga
Har du lyst til å bli ein del av teamet på ei spennande, energisk og varierande avdeling? !
Me har nå ledig stilling som sjukepleiar, 62,5% på natt. Ved interne omrokeringar kan det bli andre ledige stillingar. Oppgje i søknadsteksten om dette er av interesse for deg.
Hemato/endo/infeksjon er ei medisinsk avdeling med 16 sengeplassar som består av tre fagfelt, og du kjem til å arbeide innanfor alle områder.
Hos oss får du sjansen til å vekse både fagleg og personleg på ein variert arbeidsplass der nye moglegheiter står i kø.
På vår avdeling tar vi oss av pasientar med samansette og komplekse helseutfordringar innan indremedisin, særleg blodsjukdomar, diabetes, sår og spesielle infeksjonar som tuberkulose, hjernehinnebtennelse, betennelse på hjerteklaffar og visse tropesjukdommar. Teamarbeid står i hjartet av alt vi gjer, og ulike yrkesgrupper jobbar tett saman for å levere topp kvalitet i pasientbehandlinga.
Med to fagsjukepleiarar, ein tillitsvald, verneombod og fasilitatorar, har vi skapt eit robust og kunnskapsrikt fagmiljø som stadig sikrar høg kvalitet i vårt arbeid. Avdelinga vår er ein glimrande plass for både fagleg vekst og personleg utvikling, og du vil bli ein del av eit fellesskap som stolt har vunne pris for godt arbeidsmiljø fleire gonger.
Ønskjer du ein variert arbeidskvardag der du får lære nye ting å utfordre deg sjøl? Då må du søke hos oss!
Nøkkelinformasjon
Arbeidsoppgåver
- Prosedyrar, som sårstell, antibiotika, ulike kateter, sentrale og perifere venekateter, EKG, m.m.
- Arbeid på sengepost, undervisning/rettleiing, vaktarbeid og tverrfagleg samarbeid
- Mottak og oppfølging av pasientar
- Inngå i eit tverrfagleg samarbeid for å gi pasientar eit best mogleg opphald på avdelinga
- Gi god omsorg for pasientar og pårørande
- Opplæring og rettleiing av studentar og nytilsette
- Arbeid i tverrfaglege grupper
Kvalifikasjonar
- Autorisert sjukepleiar
- Ønskeleg med erfaring eller vidareutdanning frå kreft, infeksjon, diabetes, sår og/eller psykisk helsevern
- Må ha gode IKT-kunnskapar
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad.
Personlege eigenskaper vert vektlagd.
Personlege eigenskapar
Hos oss er det viktig at du
- kan arbeida godt både sjølvstendig og i team
- tilpassar deg lett, er løysningsorientert og fleksibel
- har motivasjon og interesse for fagfelta
- bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
- har god fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og strukturert
- trivst med å arbeida i eit tverrfagleg miljø og meistrar høgt tempo
Vi tilbyr
- Ei varierande arbeidskvardag der ein kontinuerleg lærar nye ting og får utfordra seg
- Eit godt arbeidsmiljø med fokus på sosialt samspel
- Forbetringsarbeid og rom for å ta eigarskap til ansvarsområder
- Løn i samsvar med gjeldande overenskomst
- Årsturnus med rom for involvering
- kursdager i turnus
- Simulering
Vitnemålsportalen
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemalsportalen.no. Har du har tatt utdanning i utlandet, må du leggje ved godkjenning frå UDIR/NOKUT i søknaden. Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.
Mangfaldserklæring
Helse Fonna ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Helse Fonna ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Adresse: Karmsundgata 120, 5528 HAUGESUND, Norge
Kontaktinformasjon
Om arbeidsgivaren
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar.For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no.