Skip to main content
Last opp CV-en din - Søk på jobber raskt og enkelt

postdoktor jobber i Bergen

Sorter etter: -
1 jobb
  • Vis lignende jobber hos denne arbeidsgiveren
Vi har fjernet noen stillingsannonser som ligner de som allerede er vist. For å se de ytterligere resultatene kan du gjenta søket med de utelatte stillingsannonsene inkludert.

Job Post Details

Postdoktor innan marin evolusjonsøkologi - job post

Universitetet i Bergen
Bergen
Opprett en Indeed-konto før du fortsetter til firmaets nettsted.

Sted

Bergen

Full stillingsbeskrivelse

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?


Postdoktor i fiskeimmunologi

Det er ledig ei postdoktorstilling innan marin økologi og evolusjon ved Institutt for biovitenskap ved Universitetet i Bergen. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år og er knytt til forskingsgruppa for Teoretisk økologi.

Havet er eit fysisk miljø som er dynamisk og variabelt med omsyn til lys, temperatur og havstraumar. Desse faktorane set rammer og gir moglegheiter for organismane som lever der, og desse har utvikla tilpassingar i form av fysiologi, åtferd og livshistorie-strategiar som gjer at dei kan overleva og produsera avkom. I forskingsgruppa for Teoretisk økologi fokuserer vi på individet i sitt miljø, og utviklar numeriske modellar for å undersøka korleis fysiske påverknader og samspel med andre artar kan forklara tilpassingar hos desse organismane. Dette krev god forståing av marin økologi, miljøet si rolle og kva marine organismar er i stand til, men òg god numerisk kompetanse for å utvikla datamodellar til simuleringar, samt for dataanalyse og tolking.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Stillinga er del av Starting Grants prosjektet DRIFT – «Systematically rethinking advection and cross-ecosystem subsidies» (https://bio.uib.no/te/research/advection/) – finansiert av Trond Mohn forskningsstiftelse. Prosjektet har samarbeidspartnarar ved Geofysisk institutt og Bjerknessenteret for klimaforsking, Universitetsmuseet i Bergen, og Havstovan (Faroe Marine Research Institute).

Prosjektet fokuserer på korleis havstraumar transporterar store mengder mat mellom økosystem. Det opne havet huser mellom 1 og 16 milliardar tonn små mesopelagiske fisk, som utgjer 50–95 % av den globale fiskebiomassen. Mange av desse – saman med pelagiske krepsdyr, blekksprutar og geléaktig plankton – migrerer aktivt opp og ned i vatnsøyla, men held seg skjult i tussmørkesona fleire hundre meter under overflata på dagtid. Vårt fokus er når desse drivande organismane blir transporterte frå ope hav mot undersjøiske skråningar – som undersjøiske fjell, bankar og kontinentalskråningar – der dei blir pressa frå mørke djup mot grunnare område der lys slepp til, og såleis blir lett bytte for predatorar. Hypotesen vår er at denne prosessen gjer økosystema meir produktive fordi han gir mat til tette predatorpopulasjonar langs slike skråningar og kystar.

DRIFT har som mål å avdekkja mekanismane som styrer når og kvar oseanisk bytte blir tilgjengeleg for predatorar, kartleggja nøkkelområde for beite i Nord-Atlanteren, og føreseia korleis transportert biomasse påverkar produksjon, livshistorie og artsutbreiing i mottakande økosystem.

Hovudansvaret til postdoktorstipendiaten vil vera å leia analysen av feltdata og integrera desse med modellane som blir nytta i prosjektet. Spesielt vil stipendiaten analysera ein tretti år lang tidsserie av akustiske data, samla inn gjennom eit nettverk av ADCP-stasjonar (Acoustic Doppler Current Profiler) rundt Færøybankane. Avhengig av kandidaten sine preferansar, ferdigheiter og interesser, kan stillinga utvikla seg i ei av to retningar: (1) analyse korleis trekka organismane varierer mellom samfunna langs skråningar oppstraums og nedstraums for Færøy-sokkelen i over 30 år med fiskeridata frå Havforskningsinstituttet på Færøyane, eller (2) bidra til utviklinga av mekanistiske simuleringsmodellar for åtferdstilpassingar hos predatorar og byttedyr lang kontinentalskråningar.

Stillinga gir høve til å få erfaring med prosjektkoordinering og vitskapleg leiing, inkludert deltaking i planlegging av eit forskingstokt og medrettleiing av masterstudentar.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd ein grad tilsvarande ein norsk doktorgrad (PhD) innan biologi eller eit anna fagområde som er relevant for prosjektet. PhD-studentar kan søkja dersom disputasen er gjennomført innan 31.12.2025. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Dokumentert erfaring og kompetanse innan kvantitativ analyse og dataprogrammering, helst med bruk av R, MATLAB eller Fortran, er eit krav.
  • Erfaring med arbeid med store feltdatasett er eit krav.
  • Erfaring med akustisk dataanalyse og tilhøyrande programvare er ein føremon.
  • Bakgrunn innan eitt eller fleire av desse områda: marin økologi, fiskerivitskap, trekk-basert analyse, biologisk oseanografi, bioakustikk eller økologisk modellering er ein føremon.
  • Søkjarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg.
  • Søkjarar må vere i stand til å arbeide sjølvstendig og systematisk, og ha evne til å samarbeide med andre. Prosjektet legg vekt på omfattande og tett samarbeid i team.
  • Søkjarar må vera villig til å utfordre eksisterande idear og tilnærmingar.

I vurderinga av kandidatane vil personlege og relasjonelle eigenskapar, sjølvstende og relevant forskingserfaring bli lagt vekt på. Ambisjonar slik dei kjem fram i motivasjonsbrevet og intervjuet vil også telja ved vurderinga av kandidatane. Vi forventar at kandidatens framlagte kvalifikasjonar og arbeid viser eit høgt potensial for framtida.

Særeigne krav for stillinga
UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.

Om postdoktorstillinga:

Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i vitskaplege toppstillingar. Om den som vert tilsett manglar undervisningserfaring og/eller annan kvalifiseringskompetanse, kan det verte aktuelt å auke tilsetjingsperioden til 3 år og 6 månader. Undervisning og anna kvalifiserande arbeid for instituttet vil i så høve bli lagt til som oppgåver i stillinga. Stillinga vil kunne bli forlenga med inntil eitt år dersom kandidaten får innvilga forskingsopphald i utlandet frå eksterne kjelder (maks fire år totalt). Ingen kan tilsetjast i meir enn éin åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon.

Etter tiltreding skal postdoktoren i samarbeid med rettleiar og instituttleiar utarbeide ein plan for kvalifiseringsarbeidet, inkludert framdriftsplan.

Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.

Vi tilbyr:

  • ei positiv, dynamisk, tillitsfull og kritisk forskingsgruppe for diskusjonar og interaksjonar i arbeidskvardagen
  • tilsetjing som postdoktor (kode 1352) i lønsregulativet til staten. Dette utgjer ei årsløn på kr. 624 500. Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • eit kort motivasjonsbrev (maks 2 sider) som beskriver søkjarens forskingsinteresser og motivasjon for å søkja stillinga
  • namn og kontaktinformasjon for to referansepersonar vi kan ta kontakt med. Éin av desse bør vera hovudrettleiaren frå PhD-programmet.
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål. Dersom du enno ikkje har fullført PhD-graden, ver vennleg å leggje ved ei erklæring frå institusjonen din om forventa tildelingstidspunkt for graden. PhD-graden må dokumenterast med karakterutskrifter og/eller vitnemål, alternativt ei stadfesting frå institusjonen om fullført grad, før tilsetjing
  • relevante sertifikat/referansar
  • ein fullstendig liste over vitskaplege publikasjonar
  • tre utvalde artiklar (som pdf-filar) som er relevante for stillinga. Desse bør demonstrera nyansert vitskapleg skriving som pedagogisk knyter saman etablerte disiplinar eller forståingsnivå.

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til Tom Langbehn, forskar, Institutt for biovitenskap, UiB, tom.langbehn@uib.no

For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med HR-rådgjevar Magnus Larsen, magnus.larsen@uib.no

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.


Om Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Fakultet for naturvitenskap og teknologi består av sju institutt og en rekke sentre.


Søknadsfrist

15. juni 2025

Arbeidsgivar

Universitetet i Bergen

Kommune

Bergen

Omfang

Heiltid

Varigheit

Åremål

Arbeidsstad

Thormøhlens gate 53A, 5006 Bergen

    Ledige stillingar - Universitetet i Bergen

La arbeidsgivere finne degLast opp CV-en din