Fortsett videre til hovedinnhold
Last opp CV-en din - Søk på jobber raskt og enkelt

overlege hematologi jobber i Haugesund

Sorter etter: -
1 jobb

Job Post Details

Overlege hematologi - job post

Helse Fonna
4.0 out of 5
Haugesund
Fast, Heltid
Opprett en Indeed-konto før du fortsetter til firmaets nettsted.

Jobbdetaljer

Slik stemmer jobbdetaljene overens med profilen din.

Jobbtype

  • Fast
  • Heltid

Sted

Haugesund

Full stillingsbeskrivelse

Om stillinga

Medisinsk klinikk ved Haugesund sykehus søker etter spesialist i hematologi.

Hematologisk seksjon er ein del av medisinavdeling B, som er ein av elleve avdelingar i klinikken for medisin i Haugesund og Odda. Hematologi er samorganisert i avdeling B saman med endokrinologi og infeksjon, og er lokalisert ved Haugesund sjukehus. Medisinavdeling B har ein felles sengepost med 16 senger, der åtte av sengene er fortrinnsvis for pasientar med hematologiske sjukdomar og bemanna med ansvarleg hematolog og LIS. Ved høgt belegg kan det også førekome andre generelle indremedisinske problemstillingar på sengeposten.


I tillegg til sengeposten blir pasientar med hematologiske sjukdomar utreda og behandla i poliklinikken, og det finst ein dedikert kreftpoliklinikk der pasientar mottar behandling. Hematologisk seksjon har ansvaret for all hematologi, inkludert utredning og behandling av lymfom, i Helse Fonna, og har med det eit pasientgrunnlag på omtrent 180 000.

Vi har per i dag tre faste overlegar, to LIS 3 innan blodsjukdommar og 2-3 LIS 2 i generell medisinsk teneste. Seksjonen er godkjend utdanningsinstitusjon for LIS i blodsjukdommar. Det er eit lite, men veksande fagmiljø, og vi har eit godt samarbeid med både Haukeland og Stavanger universitetssjukehus. Det er mellom anna felles internundervisning i hematologi to dagar i veka.

Grunna aukande behov søkjer vi no etter ei ytterlegare fast overlegestilling i avdelinga. Som hematolog ved Haugesund sjukehus får ein moglegheit til å arbeide med eit breitt spekter av hematologi. Med unntak av beinmergstransplantasjonar og høgdose cytostatikabehandlingar utgreier og behandlar vi fleirtalet av dei hematologiske sjukdommane. Dersom kandidaten ynskjer, vil det vere moglegheit for tilrettelegging for forsking kombinert med ei klinisk stilling. Legane som arbeider ved hematologisk seksjon deltar som hovudregel i generell indremedisinsk vaktteam (for tida 12-delt), gitt generalistkompetanse.


Nøkkelinformasjon

Søknadsfrist:
11.08.2024
Arbeidsgivar:
Helse Fonna HF
Stad:
HAUGESUND
Stillingstittel:
Overlege hematologi
Stillingar:
1
Heiltid / Deltid:
Heiltid
Tilsetjingsform:
Fast
Stillingsprosent:
100
Webcruiter-ID:
4812078263
Del på X
Del på Facebook

Arbeidsoppgåver

  • Utredning og behandling av pasienter med fortrinnsvis hematologisk sykdom, men også generelle indremedisinske problemstillinger på sengepost
  • Hematologisk poliklinikk
  • Veiledning av LIS-leger og bidrag til internundervisning
  • Deltagelse i generell indremedisinsk vakt, gitt generalistkompetanse. Individuelle tilpasninger er mulig.

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som lege
  • Norsk godkjenning som hematolog er ønskelig, men leger som har kommet langt i spesialiseringen innen blodsykdommer kan også søke.
  • Gode muntlig- og skriftlig norskkunnskaper.
  • Gode IKT-kunnskaper

Personlege eigenskapar

  • Motivasjon og interesse for fagfeltet
  • Bidra positivt til et faglig og kollegialt godt miljø
  • Arbeider målrettet og strukturert
  • Fleksibel og arbeidsom
  • Gode kommunikasjonsferdigheter med både pasienter, pårørende og kolleger

Vi tilbyr

  • Et aktivt og trivelig arbeidsmiljø med dyktige medarbeidere
  • Høyt faglig nivå
  • Mulighet for tilrettelegging for forskning ved interesse.
  • Lønn i samsvar med gjeldende overenskomster


Mangfaldserklæring

Helse Fonna ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Helse Fonna ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.




Adresse: Karmsundgata 120, 5528 HAUGESUND, Norge



Kontaktinformasjon

Camilla Stapnes Bjørnsen
Seksjonsoverlege
Telefon: 48159483
E-post: camilla.stapnes.bjørnsen@helse-fonna.no
Lise Bruntveit
Avdelingsleiar - medisin avdeling B
Telefon: +47 99647391

Om arbeidsgivaren

Helse Fonna har rundt 4000 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.

Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar.

For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no.

La arbeidsgivere finne degLast opp CV-en din