Skip to main content
Last opp CV-en din - Søk på jobber raskt og enkelt

jordmor jobber i Stord kommune

Sorter etter: -
1 jobb
  • Vis lignende jobber hos denne arbeidsgiveren
    • Bør ha relevant oppdatert erfaring som jordmor ved fødeavdeling.
    • Har òg eit samarbeid i forhold til gynekologiske pasientar.
    • Se alle jobber hos Jobb: Helse FonnaHaugesundJobb: Jordmor - Haugesund
    • Lønnssøk: Er du vår nye jordmor? lønninger
    • Se populære spørsmål og svar om Helse Fonna
Vi har fjernet noen stillingsannonser som ligner de som allerede er vist. For å se de ytterligere resultatene kan du gjenta søket med de utelatte stillingsannonsene inkludert.

Job Post Details

Er du vår nye jordmor? - job post

Helse Fonna
4.0 av 5 stjerner
Haugesund
Fast, Heltid
Opprett en Indeed-konto før du fortsetter til firmaets nettsted.

Jobbdetaljer

Jobbtype

  • Fast
  • Heltid

Skift og arbeidstid

  • Helg

Sted

Haugesund

Full stillingsbeskrivelse

Om stillinga

Kjenner du deg igjen?

Du trivst i ein avdeling der det skjer mykje, der tempoet er høgt – og der du får brukt all din kompetanse. Du held roen i krevjande situasjonar, tek ansvar i teamet og møter både fødande og kollegaer med tryggleik og fagleg tyngde.

Hos oss får du ein variert og aktiv arbeidsdag i tredelt turnus, med arbeid kvar tredje helg. Det er mogleg å jobbe i deltid eller i ei rein helgestilling – vi finn løysingar saman.

Hos oss blir du ein del av ei kombinert føde- og barselavdeling med omlag 1350 fødslar i året, der vi tar imot både normale og risikofødslar frå heile regionen. Vi er ein kvinneklinikk med stort spenn i oppgåver og tett samarbeid med nyfødt intensiv og gynekologar.

Vi jobbar tverrfagleg, støttar kvarandre – og har ein kvardag du både lærer av og veks i.

Vi håpar vi du sender inn søknaden din – vi gler oss til å bli kjent med deg!


Nøkkelinformasjon

Søknadsfrist:
11.08.2025
Arbeidsgivar:
Helse Fonna HF
Stad:
HAUGESUND
Stillingstittel:
Jordmor
Heiltid / Deltid:
Heiltid
Tilsetjingsform:
Fast
Stillingsprosent:
100
Webcruiter-ID:
4939675517
Del på X
Del på Facebook

Kva går jobben ut på?

  • Vi selekterer med tanke på normal- og risikofødslar i avdelinga
  • Som jordmor får du hovudansvar for normale fødslar, samarbeid med gynekolog ved risikofødslar. Vi
    har òg eit samarbeid i forhold til gynekologiske pasientar.
  • Studentrettleiing er ein naturleg del av rolla.

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

  • Norsk autorisasjon som jordmor
  • Bør ha relevant oppdatert erfaring som jordmor ved fødeavdeling.
  • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad .

Kva ser vi etter hos deg?

Vi ser etter deg som

  • jobbar strukturert og tek ansvar i ein travel kvardag
  • har evne til å sjå enkeltmennesket – i ei av livets viktigaste stunder
  • er sjølvstendig, men trivst også med tett samarbeid
  • kommuniserer godt – både med pasientar, pårørande og kollegaer
  • likar å lære og handterer endringar med ro og oversikt

Personleg egnethet vert vektlagd

Kvifor velje oss?

Hos oss får du:

  • Triveleg arbeidsmiljø med inkluderande kollegaer.
  • Fagleg utvikling og høgt kompetansenivå
  • Moglegheit for deltid og helgestilling
  • Ein variert og aktiv arbeidsdag i tredelt turnus



Adresse: Karmsundgata 120, 5528 HAUGESUND, Norge



Kontaktinformasjon

Karin Skjoldal
funksjonsleiar
Telefon: 52732324
Sidsel Petrine Vetås
Avdelingsleiar
Telefon: +47 52732326

Om arbeidsgivaren

Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.

Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.

La arbeidsgivere finne degLast opp CV-en din