Fortsett videre til hovedinnhold
Last opp CV-en din - Søk på jobber raskt og enkelt

for ungdom jobber i Kristiansund

Sorter etter: -
4 jobber

Andre har søkt etter:

under 18 år

Job Post Details

Familieterapeut - job post

Helse Møre og Romsdal
Kristiansund
Fast
Opprett en Indeed-konto før du fortsetter til firmaets nettsted.

Jobbdetaljer

Slik stemmer jobbdetaljene overens med profilen din.

Jobbtype

  • Fast

Sted

Kristiansund

Full stillingsbeskrivelse

(i ny fane)


Om stillinga

Velkommen til Kristiansund!

BUP poliklinikk Kristiansund har ledig fast 100% stilling for familieterapeut.

Vi er ein del av avdeling for psykisk helsevern barn og unge, som er samansatt av poliklinikkar i Kristiansund, Molde, Volda og Ålesund, og ein døgnseksjon med einingar i Molde og Ålesund.

Poliklinikken i Kristiansund er organisert i tverrfaglege team: akutt/ambulant team, nevropsykiatrisk team, småbarnsteam og generalistteam. Vi tilbyr spesifikke behandlingstilbod som til dømes FBT, TF-CBT, EMDR og PEF, og har eit godt utvikla pasient- og pårørandeopplæringstilbod. Avdelinga har faglege nettverk på tvers av poliklinikkane i forhold til psykose, eteforstyrringar, vald og overgrep, personlegdomsproblematikk og akuttarbeid. Samarbeid med kommunehelsetenesta og oppvekstsektoren er organisert i barn og unges helseteneste. Du kan lese meir om denne spennande nysatsninga her.

Poliklinikken har eit ivaretakande og godt arbeidsmiljø, med mykje godt humør og arbeidsglede. Vi strekker oss langt for at du skal få best mogleg faglege utviklingsbetingelsar, og vi legg tilrette for klinisk spesialisering. Poliklinikken ligg sentralt plassert ved havna, midt i sjarmerande Kristiansund, byen som ligg på tre øyer på Nordvestlandet, og som er omkransa av vill og flott natur på alle kantar.

Helse Møre og Romsdal er ein arbeidsplass med stort mangfold. Dette meiner vi er viktig for å løyse dei oppgåvene vi er sett til. Vi ønskjer derfor at dette mangfoldet skal speilast blant søkjarane til stillingane våre og oppfordrar alle til å søkje, uavhengig av kven du er, og kva bakgrunn du har.

Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.

Nøkkelinformasjon
Søknadsfrist:

18.07.2024

Arbeidsgivar:

Helse Møre og Romsdal HF

Stad:

Kristiansund

Stillingstittel:

Familieterapeut

Stillingar:

1

Heiltid / Deltid:

Heiltid

Tilsetjingsform:

Fast

Stillingsprosent:

100

Webcruiter-ID:

4835827498


Arbeidsoppgåver

  • Utgreiing og behandling av barn og ungdom med ulike type psykiske lidingar og utviklingsforstyrringar
  • Pårørande- og familiesamtalar
  • Medverke fagleg gjennom undervisning og teamarbeid
  • Ta del i arbeid med pasientsikkerheit, systematisk kvalitetsarbeid og kontinuerleg forbetring av verksemda
  • Samhandling med kommunane, bistå med rådgjeving og rettleiing
  • Ambulant behandling der det er hensiktsmessig

Kvalifikasjonar

  • Krav om utdanning med bachelor eller master i sosialfag eller medisinske fag
  • Ønskjeleg med vidareutdanning innan familieterapi
  • Erfaring frå arbeid med barn/unge med psykiske vanskar
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • Gode datakunnskapar
  • God kjennskap til lover og forskrifter

Personlege eigenskapar

  • Du har gode samarbeidsevner på tvers av profesjonar og yrkesgrupper
  • Du må kommunisere godt med pasientar og medarbeidarar
  • Du må kunne arbeide strukturert og målretta
  • Du bidrar til eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
  • Du er fleksibel, positiv og endringsorientert

Å vere personleg eigna for stillinga, samt inntrykk frå intervju vil bli vektlagt ved tilsetting.

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Den fargerike opera- og klippfiskbyen Kristiansund er perla på Nordmøre. Her finn du eit rikt kulturtilbod med eige operahus som har fleire oppsetjingar og konsertarrangement kvart år. Like utafor byen kan du oppdage den spektakulære Atlanterhavsvegen og fleire sjarmerande fiskevær. Byen har eigen flyplass med fleire daglege avgangar til Oslo og Bergen. Les meir om Kristiansund og Nordmøre her.




Adresse:
Sykehusgata 2, 6508 Kristiansund, Norge
(i ny fane)

Kontaktinformasjon

Kjell Åsmund Bryn
Seksjonsleiar
Telefon:
+47 71217550
E-post:
Kjell.Asmund.Bryn@helse-mr.no

Om arbeidsgivaren

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.

Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal

La arbeidsgivere finne degLast opp CV-en din