Skip to main content
Last opp CV-en din - Søk på jobber raskt og enkelt

for ungdom jobber i Kristiansund

Sorter etter: -
1 jobb
  • (i ny fane) Om stillinga Vil du vere med på laget vårt? Vi har no ledig fast stilling for helsesekretær/ sekretær. Dei tilsette i merkantilfunksjonen er…
    • Vis alle stillinger - Jobb: Helse Møre og Romsdal - Jobber i Kristiansund
    • Lønnssøk: Sekretær lønninger

Job Post Details

Sekretær - job post

Helse Møre og Romsdal
Kristiansund
Fast
Opprett en Indeed-konto før du fortsetter til firmaets nettsted.

Jobbdetaljer

Jobbtype

  • Fast

Sted

Kristiansund

Full stillingsbeskrivelse

(i ny fane)


Om stillinga

Vil du vere med på laget vårt? Vi har no ledig fast stilling for helsesekretær/ sekretær.

Dei tilsette i merkantilfunksjonen er ansiktet vårt utad, og er hjartet i arbeidsflyten på seksjonen vår. Vi har engasjerte og profesjonelle medarbeidarar som gir god service til pasientane, samarbeidspartnerane og våre eigne tilsette.

Helse Møre og Romsdal HF har eit poliklinisk spesialisthelsetjenestetilbod innan psykisk helsevern for barn og ungdom, lokalisert i Kristiansund (BUP Kristiansund).
Vi har fire sekretærstillingar og 22 behandlarar, med bakgrunn som psykologar, legar, pedagogar og sosialfaglege. Vi tek imot pasientar frå fem kommuner på Nordmøre.


Nøkkelinformasjon
Søknadsfrist:

30.06.2025

Arbeidsgivar:

Helse Møre og Romsdal HF

Stad:

Kristiansund

Stillingstittel:

Sekretær

Stillingar:

1

Tilsetjingsform:

Fast

Stillingsprosent:

100

Webcruiter-ID:

4961081898


Arbeidsoppgåver

  • Resepsjonsarbeid med mottak av pasientar og telefonservice
  • Pasientrelaterte arbeidsoppgåver i Helseplattformen
  • Ta del i utviklinga av seksjonen sine interne rutiner
  • Skåring av kartleggingsverkty
  • Følge opp pasientventelister
  • Rydding i rapportar, skanning av dokument osv
  • Registrere personaldata
  • Anna praktisk arbeid i poliklinikken

Kvalifikasjonar

  • Gjerne vere autorisert helsesekretær, men det er ikkje eit krav
  • God generell kunnskap og erfaring med data
  • Det er en fordel
    • å ha erfaring frå arbeid som sekretær, gjerne innan spesialithelsetenesta
    • kunnskap og erfaring med Helseplattformen

Personlege eigenskapar

  • Du er er god på yte kundeservice
  • Du har gode samarbeidsevner, tar ansvar og er initiativrik
  • Du har evne til å handtere fleire oppgåver samtidig
  • Du er nøyaktig, fleksibel og effektiv

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp saman med søknaden din.

Byen vår! Den fargerike opera- og klippfiskbyen Kristiansund er perla på Nordmøre. Her finn du eit rikt kulturtilbod med eige operahus som har fleire oppsetjingar og konsertarrangement kvart år. Området har mykje natur å by på, varierte turmulegheiter i både skog, fjell og fjord. Her er det gode miljø innanfor klatring og friluftsliv og det er nyleg etablert eit innandørs klatresenter. Like utanfor byen kan du oppdage den spektakulære Atlanterhavsvegen og fleire sjarmerande fiskevær. Byen har eigen flyplass med fleire daglege avgangar til Oslo og Bergen, samt hurtigbåt med fleire daglege avgangar til Trondheim. Les meir om Kristiansund - klippfisk og Atlanterhavsbyen her.




Adresse:
Sykehusgata 2, 6508 Kristiansund, Norge
(i ny fane)

Kontaktinformasjon

Toril Kvisvik
Konst. seksjonsleiar
Telefon:
+47 95781432

Om arbeidsgivaren
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.

Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Forside - Helse Møre og Romsdal
La arbeidsgivere finne degLast opp CV-en din