Skip to main content
Last opp CV-en din - Søk på jobber raskt og enkelt

aktivitet jobber i Askøy

Sorter etter: -
2 jobber

Job Post Details

Prosjektstilling - Kartlegge og rettleie nye arbeidssøkarar - job post

Nav, Bergen vest
4.5 av 5 stjerner
Loddefjord
Heltid
Opprett en Indeed-konto før du fortsetter til firmaets nettsted.

Jobbdetaljer

Jobbtype

  • Heltid

Sted

Loddefjord

Full stillingsbeskrivelse

Nav, Bergen vest

Loddefjordveien 2, 5171 Loddefjord, Hybridkontor

Om jobben

Stillingstittel

Prosjektstilling - Kartlegge og rettleie nye arbeidssøkarar

Type ansettelse

Prosjekt, heltid 100%

Arbeidsspråk

Norsk

Antall stillinger

2

Søk senest mandag 26. mai

Er du ein person som trivst med å prate med menneske og har evna til å kartlegge behova deira på ein strukturert og effektiv måte? Ønskjer du å vere ein del av eit viktig samfunnsoppdrag? Vi ser etter deg som er god på å finne løysingar i samspel med menneske som er i ein krevjande situasjon og treng bistand.

Nav Bergen vest har to ledige prosjektstillingar som rettleiar der oppgåvene er å kartleggje nye arbeidssøkjarar og personar som av ulike grunnar står utanfor arbeidslivet. Ein viktig del av arbeidet er å avdekke behov, rettleie og motivere. Som rettleiar blir du ein del av eit fagmiljø, som kvar dag jobbar for å førebyggje og redusere utanforskap hos brukarane våre.

Nav Bergen vest er ein del av Nav region Bergen, og samarbeider tett med dei andre bydelskontora. Kontoret har todelt leiarmodell, med ein statleg og ein kommunal leiar. Den ledige stillinga er i den statlege delen av kontoret. Kontoret har til saman 150 kommunale og statlege tilsette og gjev tenester til bydelane Fyllingsdalen og Laksevåg. Vi held til i sentrale og nyoppussa lokalar på Vestkanten storsenter.

Arbeidsoppgåver

Som rettleiar med ansvarsområde kartlegging, vil du:
gi individuell oppfølging av arbeidssøkarar. Det vil sei kartlegging, rettleiing og motiveringsarbeid med fokus på den enkelte brukar sin kompetanse og mogelegheit til å kome i arbeid, utdanning eller arbeidsretta aktivitet
kartlegge brukarar gjennom samtalar, både fysisk og digitalt
hjelpe bruker til å sjå kompetansen sin og korleis brukar kan kome raskt i jobb

Vi gjer merksam på at arbeidsoppgåver og avdelingstilknyting kan bli endra.

Kvalifikasjonar

Du må ha:
fullført utdanning på minimum bachelornivå. Relevant erfaring og/eller utdanning kan kompensere for kravet til utdanning
god digital kompetanse og evne til å handtere mange ulike fagsystem
god skriftleg og munnleg kommunikasjonsevne
gode norskkunnskapar

Det er ønskeleg at du har:
rettleiingskompetanse
samfunnsengasjement
kunnskap om arbeidsmarknaden og arbeidsmarknaden sitt behov
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som
er trygg og taklar ein variert og hektisk arbeidskvardag
raskt set deg inn i nye arbeidsoppgåver og utfordringar
er god til å byggje relasjonar, motivera og inspirera
har gode samarbeidsevner
er strukturert, systematisk og har god arbeidskapasitet
er fleksibel og løysingsorientert
Vi tilbyr

spennande og meiningsfylte arbeidsoppgåver på eit viktig samfunnsområde

eit godt arbeidsmiljø med engasjerte og kunnskapsrike kollegaer
relevant opplæring og gode høve til utvikling
fleksitidsordning med mogelegheit for hybrid arbeidskvardag og trening i arbeidstida
løn i stillingskode 1434 rådgjevar frå kr. 580 000 – 610 000 per år. For særleg kvalifiserte søkarar kan høgare løn vurderast
god pensjonsordning gjennom Statens Pensjonskasse (frå løna blir det trekt 2 %)
Kontaktinformasjon
Cathrine Tau, Einingsleiar, 92453339, cathrine.tau@nav.no
Anders Bue Gjerstad, Avdelingsleiar, 92210028, anders.gjerstad@nav.no

Arbeidssted
Loddefjordveien 2
5171 Loddefjord

Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: NAV

Referansenr.: 4966862801
Stillingsprosent: 100%
Engasjement
Sluttdato: 31.12.2025
Søknadsfrist: 22.05.2025

Kontaktpersoner for stillingen

Anders Bue Gjerstad

Avdelingsleiar

92210028

anders.gjerstad@nav.no

Cathrine Tau

Einingsleiar

92453339

cathrine.tau@nav.no

Om bedriften

Nav søkjer tilsette med hjarte for menneske og fagområda våre. Visjonen vår er å gje menneske moglegheiter, og dette gjer vi ved å utvikle Noregs beste arbeids- og velferdstenester.

Nav består av 22 000 kompetente og engasjerte medarbeidarar. Vi jobbar tverrfagleg i sterke fagmiljø. Hos oss skal arbeidsmiljøet pregast av involvering, openheit og tillit.

Mangfald er viktig i Nav. Mangfald bidreg til betre problemløysing, auka kreativitet, større fleksibilitet og styrker kulturen og arbeidsmiljøet på arbeidsplassen. Vi oppmodar difor kandidatar med ulik bakgrunn til å søke på stillingar hjå oss, særleg om du har hol i CV-en, innvandrarbakgrunn eller nedsett funksjonsevne.

Når du søkjer jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkjarliste. Ønskjer du å bli unntatt frå offentleg søkjarliste, må du grunngje dette. Del gjerne vitnemålet ditt eller karakterutskrift dine på vitnemålsportalen.no.

NAVstilling

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Stillingsnummer

2940026

Hentet fra

talentech

Referanse

fdcef54bdd4748cf984fa1538e2a6d96
La arbeidsgivere finne degLast opp CV-en din