Fortsett videre til hovedinnhold
Helse Møre og Romsdal

jobber i Ålesund

Last opp CV-en din - Søk på jobber raskt og enkelt

jobber i Ålesund

Sorter etter: -
10 jobber
Vi har fjernet 1 stillingsannonse som ligner de som allerede er vist. For å se de ytterligere resultatene kan du gjenta søket med de utelatte stillingsannonsene inkludert.

Andre har søkt etter:

ledige stillinger

Job Post Details

Assistent - job post

Helse Møre og Romsdal
Ålesund
Deltid
Opprett en Indeed-konto før du fortsetter til firmaets nettsted.

Jobbdetaljer

Slik stemmer jobbdetaljene overens med profilen din.

Jobbtype

  • Deltid

Sted

Ålesund

Full stillingsbeskrivelse

(i ny fane)


Om stillinga

Vil DU bli vår kollega til sommaren? Vi ønskjer deg velkomen som søkjar, og vil gjere vårt beste for at du skal trivast.

Seksjon for forsyning og interntransport Volda/Ålesund har behov for assistentar ved sengesentralen i perioden f.o.m. veke 25 t.o.m. veke 35.

Arbeidsstad vil vere ved Ålesund sjukehus.

Vitnemål, attestar og tenestebevis må lastast opp som vedlegg til søknad/CV.

Nøkkelinformasjon
Søknadsfrist:

21.04.2024

Arbeidsgivar:

Helse Møre og Romsdal HF

Stad:

Ålesund

Stillingstittel:

Assistent - Ferievikar

Stillingar:

2

Heiltid / Deltid:

Deltid

Tilsetjingsform:

Ferievikar

Stillingsprosent:

0

Webcruiter-ID:

4795061888

Startdato:

24.06.2024

Sluttdato:

31.08.2024


Arbeidsoppgåver

  • Transport, reinhald, kontroll og klargjering av pasientsenger
  • Mottak og tilrettelegging av arbeidstøy til tilsette
  • Bestilling av avdelingstøy
  • Andre oppgåver som er lagt til seksjonen

Kvalifikasjonar

  • Gjerne erfaring og kjennskap innan reinhald
  • Allmenn god helse og fysikk
  • Gode norskkunnskaper, både munnleg og skriftleg
  • Du må vere innstilt på å jobbe vakter både kvardagar og i helger

Personlege eigenskapar

  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Hyggeleg, serviceinnstilt og trivast med hektiske dagar
  • Omgjengeleg og nøyaktig
  • Medverke til å bevare eit allereie godt arbeidsmiljø
  • Du må handtere endringer sidan seksjonen er i stadig utvikling
  • Det er ønskjeleg at du er tilgjengeleg for å kunne jobbe meir i periodar ved behov.

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår



Adresse:
Ålesund sjukehus, Åsehaugen 5, 6017 Ålesund, Norge
(i ny fane)

Kontaktinformasjon

Vegard Edvardsen Kjemphol
Seksjonsleiar
Telefon:
47176464
E-post:
vegard.edvardsen.kjemphol@helse-mr.no

Om arbeidsgivaren

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.

Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal

La arbeidsgivere finne degLast opp CV-en din